Heilage rom
Omgrepet ”heilagt rom” høyrest kanskje forståeleg ut i daglegtale, men det kan ha meir enn ei tyding. Omgrepet er nært knytt til omgrepet ”heilag stad”. Ulikskapen mellom heilag stad og heilagt rom er ikkje så skarp. ”Heilage rom” betyr ikkje nødvendigvis eit rom i ein bygning. Likevel er rommet meir avgrensa enn staden, som til dømes ei hole i eit fjell eller ein inngjerda plass. Heilage stader har ikkje den same avgrensinga, og kan omfatte heile byar, store innsjøar, elver eller fjell. Det finns ei rekkje teoriar om kva som kjenneteiknar eit heilagt rom, her er religionsforskaren Mircea Eliade sin modell:
- Det heilage rommet byggjer ein ideelt på ein stad der ein har ei spesielt sterk kjensle av at det heilage er tilstades. Konstruksjonen av eit gudshus på ein slik stad framhevar det heilage, og er i seg sjølv ei religiøs handling. Denne handlinga blir markert med ulike ritual, som nedlegging av grunnstein, kranselag og vigselsseremoniar.
- Det heilage rommet blir skilt frå det kvardagslege (profane) rommet utanfor med gjerde eller veggar. Døra eller porten er spesielt utstyrt med symbol som markerer overgongen.
- Det heilage rommet er som eit mikrokosmos, ein slags kompakt modell av heile universet, der dei fire veggane representerer ”dei fire verdshjørna” (red), taket representerer himmelen og golvet, jorda. Retningane rommet er orientert etter er derfor ikkje tilfeldige.
- Dei truande opplever staden det heilage rommet står som ”midt i verda”, men òg som eit bindeledd mellom himmel, jord og ev. underverda. Dette blir gjerne markert med ein ”verdsakse” (axis mundi), uttrykt i arkitekturen gjennom eit kyrkjespir, ein minaret, ein totempel, ei flaggstong, eller liknande.
- Det heilage rommet er utstyrt med heilage symbol og er ein stad for rituelle handlingar i form av reinsing, offer, bøn, vigsle (overgongsriter) og høgtidsfeiringar.