Mytologien og historia
Jødedomen er prega av synet om den eine Gud som har openberra seg for menneskja ved ulike høve opp gjennom historia. Den jødiske mytologien kan vi lese som ei historieforteljing i Tanakh, den jødiske bibelen. Han startar med skapinga, som ein reknar med fann stad i år 3761 f.Kr. År 2007 e.Kr. er derfor år 5767 etter jødisk tidsrekning. Deretter høyrer vi om enkeltpersonar, profetane, som opp gjennom historia har kommunisert direkte med Gud. På ulike måtar blei profetane sett på prøve gjennom å måtte vise absolutt truskap og kjærleik overfor Gud. Denne ”forhandlingssituasjonen” startar med Adam, det første mennesket, går via Abraham, den første av profetane, og endar med Moses.
Ifølgje Tanakh tilhøyrde Moses eit semittisk folkeslag som hadde slått seg ned i Egypt. Der måtte dei jobbe som slavar under Farao. Moses gjorde opprør mot overmakta og leia folket sitt ut i Sinaiørkenen, der dei levde på flukt i 40 år. På Sinaifjellet skal Gud ha openberra seg for Moses og laga ei pakt med han. Moses fekk tildelt ei lov som folket hans forplikta seg til å leve etter. På sin side lova Gud at jødane skulle vere det utvalde folket hans, og at dei skulle få eit eige land som flaut av mjølk og honning. Vandringa i Sinaiørkenen tok så slutt og flyktningane kunne omsider grunnleggje sitt eige kongedøme: Israel.
Hovudstaden i Judea, den sørlege delen av riket, heitte Jerusalem. Her bygde israelittane eit stort tempel til Gud. Guden blir nemnd med fleire namn i Tanakh, som Eolhim (Gud), Adonai (min/vår Herre) eller med konsonantane YHVH. Ingen veit sikkert korleis desse vokalane blei uttalte, og sidan namnet til Gud blir rekna som heilagt og forbode skal ein heller ikkje prøve. På denne tida var det likevel ikkje berre éin gud som blei tilbedt, men fleire. Israelittane var framleis ikkje blitt monoteistar (dei som berre trur på ein gud ) men tilbad fleire gudar og gudinner i eit religiøst system som minner mykje om dei andre semittiske religionane som eksisterte i området samstundes.
Eksilet i Babylon
Det store vendepunktet for israelittane var den babylonske erobringa av Jerusalem i år 586 f. Kr. For at den nye provinsen hans ikkje skulle gjere opprør, deporterte babylonarkongen Nebukadnesar det øvre sjiktet av folket. Tusenvis av israelittar blei tvangsflytta til Babylon der kongen kunne ha oversyn med dei. Berre dei fattige på landet fikk lov til å bli atti. Først i 538 f. Kr., då Babylon blei erobra av persarane, fekk eliten lov til å vende heim til Israel.
Etter nesten 50 år utanfor heimlandet, var det likevel få som tok imot tilbodet. Dei fleste blei verande i det nye landet sitt. Eksilet i Babylon gav israelittane ein ny kollektiv identitet, og dei som vende tilbake grunnla ein ny samfunnsorden. Endringane rørte òg ved religionen. Den unike og samtidig marginale situasjon til Israel blei forklart med den særlege rolla folket hadde i høve den eine Gud, som sette det utvalde folket sitt på prøve og straffa det dersom det ikkje følgde lova. Frå no av blei det rekna som ei stor synd å tilbe andre gudar, uttrykt gjennom eit forbod mot tilbeding av gudebilete. Det er på denne tida dei fleste tekstane i Tanakh blir nedteikna, og det er først no ein eigentleg kan begynne å snakke om jødedom i den rette tydinga av ordet.
Diasporaen til jødane og den rabbinske jødedomen
Den jødedomen som vaks fram etter eksilet var likevel annleis enn dagens jødedom. Kulten var sentrert rundt det gjenoppbygde templet, og var såleis stadfast. Ofring av dyr var det berande elementet i rituala som blei leia av eit eige presteskap. Likevel ser ein allereie no kimen til det som skulle kome. Nedteikninga av skriftene gjorde kulten mindre avhengig av templet i Jerusalem. Forskarar meiner òg at synagoga, som seinare skulle bli dominerande i det kultiske livet til jødane, har sitt opphav i eksilet i Babylon.
Den stadfaste tempelkulten tok slutt 70 e.Kr. Då erobra romarane Israel, og templet i Jerusalem blei øydelagt ein gong for alle. Jødane blei drive på flukt, og slo seg ned ulike stader rundt Middelhavet. I løpet av dei neste hundreåra vaks det fram eit system der dei ulike forsamlingane kunne drive kulten sin vidare kvar helst i verda dei var. Senteret for kulten blei heimen og synagoga. Rabbinaren fekk rolla som leiar for den enkelte forsamlinga. Rabbi er ein ærestittel på ein jødisk skriftlærd: Ein lærar, domar og åndeleg leiar. Han er likevel ingen prest og kan ikkje vere mellomleddet mellom menneske og Gud. Synagoga og rabbinaren overtok rollene til templet i Jerusalem og prestane som dreiv det. Frå mellomalderen og oppover snakkar vi derfor om rabbinsk jødedom.
Joav Melchior er rabbinar i synagoga på St. Hanshaugen i Oslo. Oldefaren hans, bestefaren og faren var også rabbinarar. Foto: Rune Aakvik, Oslo museum, Bymuseet.
Innanfor jødedomen finns det elles ei rekkje ulike religiøse retningar: ortodokse, ultraortodokse, konservative, reformerte, liberale, hasidistar, kabbalistar, rekonstruksjonistar og så vidare. Det vil gå for vidt å diskutere alle dei ulike retningane her og vi konsentrerer oss derfor om ortodoks jødedom. Synagoga i Oslo som du ser bilete av, er formelt ortodoks, og det er òg denne forma som har blitt offisiell i staten Israel.