Synagoga – eit heilagt rom?
Omgrepet ”heilagt rom” er problematisk å bruke om synagoga fordi mange jødar ikkje vil kjenne seg att i skildringa. Mange vil hevde at det gjennom historia berre har eksistert eitt heilagt rom innan jødedomen, nemleg templet i Jerusalem som blei øydelagt i år 70 e.Kr.
Toraen skildrar korleis Gud bad Moses bygge ein heilagdom for han, og gav han ein himmelsk plan for korleis templet, toraskapet og kultgjenstandane skulle tilverkast. Templet var altså ei realisering av Guds rike på jorda, og synagoga vil aldri kunne erstatte det. I synagoga er det strengt tatt berre Toraen som er heilag. Nokon vil kanskje sjå på toraskapet som eit heilagt rom, men ikkje synagoga i seg sjølv.
Likevel har synagoga etter kvart teke opp i seg mange av dei kjenneteikna vi bruker for å identifisere heilage rom. Til dømes er det visse reinsingsritual som må gjennomførast før ein kan gå inn i ei synagoge, og inngangspartiet er markert med symbol som markerer ein overgang til ein ikkje-kvardagsleg sfære. Mennene må dekkje hovudet med ein kippa for å vise medvitet sitt over Guds eksistens. Ein pose eller ei boks med kippaer er gjerne å finne ved inngangen, og i Oslo blir også ikkje-jødiske menn bedt om å bruke ein kippa som teikn på respekt. Strengt ortodokse kvinner dekkjer òg håret etter at dei er gifte. I mange synagoger, som i Trondheim, står ein liten vaskeservant ved inngangspartiet. Dei besøkande gjennomfører ein symbolsk handvask før dei går inn i synagoga.
På den andre sida finns det ei rekkje tilfelle der enkeltpersonar som heilt opplagt er rituelt ureine kan kome og gå fritt i synagoga. Til dømes blir kvinna rekna som rituelt urein under menstruasjonen og i veka etterpå, og skal då avstå frå seksuell omgang med mannen sin. Likevel er det vanlegvis tillate for menstruerande kvinner å gå i synagoga. I jødiske samfunn finns eit spesielt bad som blir kalla mikve. Bruda tek eit rituelt bad i mikven før ho giftar seg. Gifte kvinner kan òg bruke det før dei tek til att med seksuallivet med ektemannen sin etter menstruasjon. Det er likevel aldri noko krav om mikvebad før synagogebesøket.
Steintavlene med dei ti bod som Moses mottok på Sinaifjellet blir ofte brukt som dekorasjonar i synagoga. I Oslo brukast steintavlene som krune på takmønet og over arka.
Foto: Rune Aakvik, Oslo museum, Bymuseet.
Då tempelet i Jerusalem fall og offertenesta tok slutt, blei mange av dei reinsings- og reinskapsreglane som tidlegare gjaldt presteskapet eller besøk i tempelet, overført til å gjelde vanlege menneske i det daglege livet. Gjennom å knytte eit band mellom tempelet og heimen kunne ein halde på mange av lovene, rituala og tankebileta frå tempelet i ny form.
Dersom ein skal kalle synagoga eit heilagt rom, må ein i så fall utvide omgrepet til å omfatte den jødiske heimen òg. Ein må òg akseptere at det finns ei gradering av det heilage. Toraskapet er meir heilagt enn resten av synagoga, og ingen rom i den moderne verda er så heilage som templet i Jerusalem ein gong var.