Synagoga
Ordet synagoge er opphavleg gresk, og betyr samlingsplass. Det er typisk for forsamlingane utanfor Israel at synagoga blir eit større kompleks med ulike sosiale og kulturelle tilbod. I Trondheim ligg det jødiske museet i tilknyting til synagoga, og dei har òg møterom, bibliotek og eige barnerom. I Oslo har forsamlinga blant anna ein jødisk aldersheim vegg-i-vegg, samt eit samfunnshus med møtesal, kontor, tenestebustad, utsal av kosher-mat, lokale for religionsundervising og barnehage. Dette kan sjåast som eit direkte resultat av diasporasituasjonen. I Israel blir desse ekstrafunksjonane ivaretekne av andre institusjonar, og synagoga er berre ein stad for gudsteneste.
Det finns ingen reglar for korleis ei synagoge skal sjå ut arkitektonisk. Det er derfor ingen problem knytt til det å overta eldre bygningar og bruke desse som synagoger, som i Trondheim der synagoga no ligg i ein gammal jarnbanestasjon. Det einaste formelle kriteriet for at ei felles gudsteneste skal kunne gjennomførast, er at minst ti menn er samla, og dette kan like godt skje i ein privat heim. Synagoga er ei praktisk løysing på korleis større gudstenester og andre fellesaktivitetar kan gjennomførast. Ein er òg avhengig av visse kultgjenstandar, og det er praktisk å ha desse på ein stad.
Medan den utvendige arkitekturen kan variere, er interiør og dekor i rommet for gudstenesta meir standardisert. Innreiinga er sentrert rundt Torarullane som alltid finns i ei synagoge. Dei blir oppbevarte i eit spesielt skap som ein kallar arka eller Toraskapet. Skapet er plassert sentralt på den veggen i synagoga som vender mot Jerusalem, og er dekt av eit vakkert, brodert fløyelsteppe. Framfor skapet skal det alltid brenne eit lys. Medan ein tidligare brukte levande lys, bruker ein i dag ei flakkande lysepære. Lyset skal være tent døgnet rundt.
Torahskapet i synagoga på St. Hanshaugen. Foto: Rune Aakvik, Oslo museum, Bymuseet
Toraen er underlagt strenge, rituelle reglar for oppbevaring og handtering. Sjølv om han er handskriven, skal han ikkje rørast av menneskehand etter at han er teken i bruk. Han er derfor skriven på pergamentrullar og ikkje i bok, slik at ein ikkje treng å blade side for side med hendene, men kan snurre han på to stokkar medan ein les. Desse stokkane er gjerne pryda med kroner eller granateple i sølv. Vidare bruker ein ein yad, ein slags pekestokk i sølv forma som ei arm for å unngå å røre toraen medan ein les. Når torarullane ikkje er i bruk, skal dei oppbevarast i eit klede av fløyel eller silke, dekorert på ein spesiell måte. Ein kan gå inn og ut av rommet under gudstenesta, men når arka blir opna skal dørene til synagoga haldast lukka. I Oslo har dei fleire torarullar i arka. Dette kjem av at dei har fått fleire toraer i gåve, og dessutan at ein ikkje berre kan kaste ein tora, uansett kor gammal og sliten han måtte vere. Når ein torarull er utbrukt, skal han gravleggjast på ein jødisk gravlund som om han var ein medlem av forsamlinga.
Framfor arka eller litt lenger ut i rommet, står ei opphøgd plattform kalla bimah. På bimah står eit bord som Toraen blir rulla ut på under gudstenesta. På eller i nærleiken av bimah kan ein òg finne ein preikestol som rabbinaren held preika si frå. Det er òg vanleg å ha ein stor, fleirarma lysestake i synagoga. Dette er ikkje den sjuarma lysestaken, menorah, som ein gjerne tenkjer på i samband med jødedomen og som fanst i templet i Jerusalem. For å minnast tapet av templet bruker ein berre todimensjonale bilete av menoaren i ortodokse synagoger. I synagogen kan ein derimot finne hanukiahlysestaken med åtte armar, eller ein seksarma lysestake.
Menoraen er ein lysestake med sju armar som var ein av dei viktigaste kultobjekta i tempelet i Jerusalem. Foto: Rune Aakvik, Oslo museum, Bymuseet.
Elles følgjer dei fleste synagogene eit felles sett med prinsipp for utsmykking. Eit av desse er biletforbodet. Berre i mosebøkene finns det ikkje mindre enn åtte forbod mot bruk av bilete. Likevel gjeld biletforbodet berre Gud, menneske og dyr, og berre i religiøse samanhengar. Biletkunst er tillate elles i det jødiske samfunnet.
Den åttearma lysestaken ,hanukiah, finns ofte i synagogar og jødiske heimar. Den er spesielt sentral under lysfesten hanukka, som feirast i åtte dagar. Foto: Rune Aakvik, Oslo museum, Bymuseet
Dekorasjonane i synagoga er sett saman av ornament inspirert av plantemotiv, kalligrafi og figurative symbol. Kalligrafi er ein kunstnarisk måla tekst som ofte blir brukt i religiøse dekorasjonar, og då spesielt av bokreligionar med ei eller anna grad av biletforbod. Skriftspråket er hebraisk og tekstane er gjerne henta frå Tanakh. Kalligrafi blir brukt fleire stader i synagoga i Oslo.
Kongekruna er eit mykje brukt symbol i synagoga. Den kalligrafiske teksten under kruna fortel kvifor dette er eit relevant symbol: ”Du skal vite framfor kven du står. Kongane sin konge er den heilagaste av dei heilage”. Foto: Rune Aakvik, Oslo museum, Bymuseet.
Fargane som blir brukt i synagoga er heller ikkje tilfeldige. Begge synagogene i Noreg har kvitmåla veggar innvendig, som er fargen for rituell reinskap innan jødisk tradisjon. Fargane på tekstilane i synagoga varierer gjennom det liturgiske året: (purpur)raudt for kvardagar og Sabbat, grønt for pilegrimsfestane Sukkot, Pesach og Shavuot, og kvitt for Rosh Hashana og Yom Kippur (sjå nedanfor). Blå er òg ein viktig farge innan jødedomen, truleg gjennom påverknad frå andre kulturar i Midtausten tidleg i historia til jødane. Blåfargen finns igjen i det israelske flagget og er vanleg òg i kippa og i bønesjalet (tallit).
Interiør. Kvinnene sitt galleri er over inngongsdøra. Foto: Jiri Havran, Nasjonalmuseet.
Hos dei ortodokse jødane er, i likskap med muslimane, kvinner og menn fråskilte i det heilage romet. Både i Oslo og Trondheim sit kvinnene på eit eige galleri, ein kan òg bruke eit forheng eller liknande som i moskeen. Reformerte jødar har brote ned dette skiljet. I reformerte synagoger sit kvinner og menn saman. Ortodokse jødar har berre mannlege rabbinarar, medan fleire mindre konservative retningar i dag òg ordinerer kvinner til denne stillinga.