Nyreligiøsitet
I denne kategorien har vi prøvd å femne om religiøse nydanningar i den vestlege verda dei siste 200 år. Under desse kjem religionar, grupper og sekter som definerer seg som religiøse og avgrensar seg mot andre livssyn. Ofte byggjer desse nydanningane på eldre religionar; baha`i og subud har t.d. islamsk bakgrunn, medan ein i Latin-Amerika har fleire nye religionar med afrikansk bakgrunn, som santeria og voodo. Nyreligiøsitet femner også om meir flytande religiøse strøymingar, mange av dei kjem inn under New Age-rørsla.