Dagleg kult
Ei rekkje reinskapsreglar må gjennomførast før ein kan gå inn i ein Gurduara. Ein må ta av seg på beina (skal ein opp til altaret må òg sokkane av), hovudet må vere tildekt og hendene må vaskast. Ein vaskeservant i inngangspartiet kan brukast til dette, og skorne plasserer ein på hyller i eit eige rom. I India vaskar ein òg føtene før ein går inn i gurduaraen, men dette blir ikkje praktisert så strengt i Oslo. Safrangule hovudplagg finns i ei stor kiste til utlån for dei som ikkje har med sitt eige. Bruker ein tobakk, må det leggast igjen utanfor. I diwanhallen sit kvinnene til høgre for altaret, og mennene til venstre. Ein sit med beina i kross for å unngå at fotsolane peikar mot Adi Granth. I tillegg til fokuset på den heilage boka, er det to andre element som går igjen i alle rituala til sikhane: Musikk og mat.
Musikken har blitt skildra som den viktigaste kunstforma til sikhanei, og er eit sentralt element i nesten all religiøs praksis. Som vi såg innleiingsvis var grunnleggarane og heilage menn av sikhismen gjerne poetar, og tekstane som er samla i Adi Granth er hymner med melodiar til. Musikken er òg det berande elementet i rituala, der profesjonelle musikarar i grupper på tre framfører hymnene (kirtan). I motsetnad til bilete, kan lyd i sikhismen vere eit hjelpemiddel på vegen mot frelse, gjennom song og musikk, resitasjon og meditasjon over namnet: Nam Simran. ”Gjennom Guds nåde kan mennesket ta i mot sanninga frå Gud gjennom å lytte”.
Utdeling av gratis mat til alle som kjem til gurduaraen er obligatorisk. Faktisk skjer det to utdelingar av mat under alle store ritual. Under diwanen deler ein ut karah prasad, ein signa deig som er laga av like delar mjøl, sukker, ghee (klarna smør) og vatn. I tillegg blir alle ritual avslutta med eit fellesmåltid i matsalen (langar). Langarmåltidet blir tillaga av frivillige i kjøkenet medan resten av forsamlinga sit i diwanhallen. Under måltidet skal alle sitje side om side på golvet medan dei et, uavhengig av sosial status. Denne tradisjonen, som skal understreke idealet om likskap, går helt tilbake til Guru Amar Das.
”Legginga” og ”vekkinga” av Adi Granth kvar morgon og kveld er høgtidelege ritual. Boka blir pakka i fleire lag med silkestoff før ho over hovudet på tilbedarane blir boren til eller frå soveromet. Vidare er det aktivitet i templet kvar morgon før folk dreg på jobb sidan mange kjem innom for å få dagens hukam, ”ord for dagen” frå guruen. Òg på kvelden etter jobb er det vanleg å finne folk i templet. Sikhane har ikkje ein dag i veka som er heilagare enn andre, men opplever kvar dag som like heilage. Fordi folk jobbar og går på skole er det meir aktivitet i gurduaraen i helgene enn på kvardagane, og i Oslo er den viktigaste samlinga på søndag formiddag.