Eit sikhtempel i Noreg
Gurduara Sri Nanak Dev Ji. Alnabru i Oslo
Gurduara Sri Nanak Dev Ji er namnet på den eine av to gurduaraer som finns i Noreg og ligg på Alnabru i Oslo. Det er denne gurduaraen vi skal sjå nærare på. Den andre, Gurduara Sri Guru Nanak Niwas, ligg i Lier utanfor Drammen.
Gurduara Sri Guru Nanak Dev Ji på Alnabru i Oslo. I 2008 feira tempelet 25-års jubileum. Foto: Rune Aakvik, Oslo museum, Bymuseet
Hovudrommet i gurduaraen blir kalla diwan-hallen, staden der diwanen, gudstenesta til sikhane finn stad. Hallen er ein rektangulær sal der forsamlinga (sangat) sit mot den eine kortenden som i ei kyrkje. Hovudfokuset ligg på eit altar (takhat) dekt med eit silkeklede sentralt ved hovudveggen.
Altaret vender to vegar. Sida som vender mot sangat er pryda med dei viktigaste symbola til sikhane. Ein løpar leier frå inngangspartiet opp til altaret. Forsamlinga sit på golvet med beina i kross. På baksida av altaret sit ein mann eller ei kvinne og les frå Adi Granth, med ansiktet vendt mot forsamlinga. Det er litt rom rundt altaret, så det er mogleg å gå rundt. Boka ligg på silkestoff som blir skifta ut kvar morgon. Området rundt altaret er pynta med blomar og dekorasjonar. I taket heng ein kvadratisk baldakin. Talet 4 og tydinga til kvadratet er overført frå hindutemplet til guruaraen, men sikhane tillegg verken tal eller form noko religiøs tydingi. Bortsett frå rett rundt altarpartiet er rommet lite dekorert. Dette kan variere frå gurduara til gurduara, og på høgtidsdagar bruker ein meir dekor enn på kvardagaa. Golv, tak og veggar er kvite. Golvet er dekt med kvite stoffstykke i bomull, som blir skifta ut og vaska regelmessig.
I likskap med heilage rom i andre religionar, er gurduaraen meir enn eit bønerom. Han er òg ein lærestad for barn og unge. På Alnabru har dei ikkje noko eige rom til dette formålet, så ein nyttar diwanhallen når han ikkje er i bruk. I gurduaraen finns òg eit kjøken der fellesmåltida blir tillaga, og to matsalar der maten blir eten. I matsalen i andre etasje står eit altar av ein annan type (palki) som fungerer som krone for Adi Granth. Den er plassert direkte over den staden i diwanhallen i første etasje boka ligg, slik at ingen kan gå over ho. Som i mange andre asiatiske kulturar blir det å vende undersida av føtene sine mot nokon eller noko, rekna som eit teikn på manglande respekt.
Rundt om i gurduaraen heng det bilete av guruane og martyrane. Martyrbileta er til tider sjokkerande fæle, og for utanforståande stemmer dei dårlig med bodskapen om toleranse og audmjuk framferd til sikhismen. For sikhane er martyrbileta ei påminning om kor fæle menneske kan vere, og heidrar samtidig styrka martyrane har i trua. Ved sidan av bileta av martyrar og guruar er gurduaraen dekorert med tekstar frå Adi Granth skrive med kaligrafisk skrift.
Sikhane trur ikkje på heilage fargar, men det er likevel enkelte fargar som blir brukt hyppigare enn andre og som blir tillagt symbolverdi. Mørk blå og safrangul er mykje brukt i dekorasjonane. Safrangul eller oransje er fargen på offeret. Det er særleg offera til martyrar, guruar og baghatar det er snakk om, og offeret desse viste for guden sin gjennom gode handlingar (seva). Safrangul eller oransje er ein heilag farge for hinduane, som òg bruker han i flagget over templa, samt i munkedraktene. For hinduane representerer fargen sola som energikjelde og vidareføringa av alt liv. Blåfargen representerte tidligare dei politiske ambisjonane sikhane hadde om ein eigen stat, og har ei politisk snarare enn ei religiøs tyding. Veggane på innsida av gurduaraen er kvitmåla, og skal symbolisere fred. Silkekleda på altaret og i senga på soveromet blir skifta ut kvar veke, og fargane varierer.
Sikhane skil ikkje mellom kvinner, menn og barn i religionen sin, då likeverd er eit grunnleggjande prinsipp i sikhismen. Likestillingen har likevel ikkje kome så langt i India, og religiøse ideal må òg for sikhane vike for tradisjonar som er fleire tusen år gamle. I diasporaen i Europa derimot, blir sikhane oppmuntra til å ta konsekvensane av orda til Guruen fullt ut. I praksis sit likevel kvinnene på venstre side og mennene til høgre i diwanhallen. Kvinnene lagar maten, mennene har rituelle funksjonar under diwanen, og kvinner og barn sit gjerne saman for seg sjølv under langaren. Det finns altså ulike kjønnsroller i gurduaraen, men dei er ikkje formelle og nedskrivne i dei religiøse tekstane.