Gudsforståing, frelse og heilage menn
Sikhismen er strengt monoteistisk, men med ei gudsforståing ikkje heilt ulik den ein finn i hinduismen. Guden kan kallast ved mange namn, Akal Purakh og Vaheguru er kanskje dei vanlegaste. Han er ei upersonleg kraft som er til stades i alt og alle. Gud er skaparen, men er sjølv uskapt og står utanfor tida. Sikhane trur òg på gjenføding og karma-samsara som hinduar og buddhistar. Offervilje (seva) blir sett på som ein manifestasjon av det heilage. Sjølvoppofrande framferd overfor fattige og trengande blir sett på som ei heilag handling. Frelse (mukhti) kan ein oppnå gjennom gode handlingar og meditasjon over det guddommelege namnet Nam Simran. Frelsa er ikkje noko ein oppnår etter døden, men skjer i dette livet. Ein som har oppnådd frelse kan halde fram å vandre rundt på jorda som jivan mukhti (heilag person). Sikhane hevdar at vektlegginga av dette livet og denne verda gjer dei til meir medvitne og ansvarlege samfunnsborgarar.
Nokre menneske – guruane – har Akal Purakh i hjarte sitt i større grad enn andre menneske, og dei kan derfor fungere som talerør for gud. Ved sidan av dei ti guruane finns ei rekkje diktarhelgenar og heilage menn som har kome langt i si åndelege utvikling og står nærmare Gud enn andre menneske.
Dei ti guruane i sikhismen:
- Guru Nanak (1469-1539)
- Guru Angad (Guru 1539-1552)
- Guru Amar Das (Guru 1552-1574)
- Guru Ram Das (Guru 1574-1581)
- Guru Arjan (Guru 1581-1606)
- Guru Hargobind (Guru 1606-1644)
- Guru Har Rai (Guru 1644-1661)
- Guru Har Krishan (Guru 1661-1664)
- Guru Tegh Bahadur (Guru 1664-1675)
- Guru Gobind Singh (Guru 1675-1708)