Tekstane
Adi Granth, den heilage boka til sikhane, har blitt så sentral på grunn av den tiande guruen, Guru Gobind Singh (1675-1708). Han samla Adi Granth i si noverande form. Samtidig kunngjorde han at han sjølv var den siste guruen, og at Adi Granth frå då av skulle leie sikhane under namnet Sri Guru Granth Sahib. Dette har blitt tolka bokstaveleg av sikhane, og boka blir framleis handsama som ein levande guru. Adi Granth har ein klar bodskap, og handlar om korleis mennesket kan oppnå frelse gjennom meditasjon over det guddommelege namnet.
Sukhwinder Singh les frå Adi Granth, sikhane si heilage bok. Guru Gobind Singh utnemde seg sjølv som den siste guru i rekkja på til. Etter han skulle boka vere leiaren for sikhane. Boka kallast difor også Guru Granth Sahib, og handsamast som ein levande konge. Foto: Rune Aakvik, Oslo museum, Bymuseet
Om natta ligg ho på ei seng innpakka i tekstilar, og blir høgtideleg vifta på når ho ligg open på trona si (takhat) om dagen. ”Legginga” og ”vekkinga” av Sri Guru Granth Sahib er viktige ritual i den daglege kulten, og minner litt om den daglege kulten av gudebileta i templet, Puja, hos hinduane. Sikhane tek likevel avstand frå tilbeding av gudebilete, og i gurduaraen finns berre bilete av guruar, martyrar og heilage menn.
Ein konsulterer boka som ein levende leiar som kan ta fortløpande avgjerder. Kvar morgon dreg fromme sikhar til gurduaraen for å få dagens råd frå Sri Guru Granth Sahib. Dette skjer ved at ein opnar boka på ei tilfeldig side, og det verset ein finn blir rekna som ordren for dagen frå Guruen. Denne praksisen blir kalla hukam, og blir òg brukt når ein skal gi namn til eit nyfødd barn. Skriftspråket i Adi Granth blir kalla gurmukhi, eit alfabet som blei funne opp av Guru Angad på 1500-talet og brukt av religiøse diktarar i Nord-India.
Eit viktig ritual som blir gjennomført på fleire av de store høgtidsdagane er akhand path. Akhand path er ei samanhengande opplesing frå Adi Granth, frå byrjinga til slutten. Gjennomlesinga tek cirka 48 timar og ein byter derfor på å lese, men passar på at opplesinga aldri blir broten. Gurduaraer arrangerer akhand path under feiringa av fødselsdagane til Guruane eller andre høgtider. Ein kan òg arrangere akhand path privat, i ulike høve som fødsel, bryllaup og død.
Det finns andre heilage tekstar innan sikhismen i tillegg til Adi Granth, som Dasam Granth og diktsamlingane til Bhai Gurdas og Bhai Nand La. Berre desse tekstane kan bli resiterte i gurduaraen. Ein annan tekst som er viktig for sikhismen er Janamsakhiane. Janamsakhiane inneheld mytiske forteljingar om Guru Nanak og livet til dei andre guruane.