Heilage rom
Chùa Pháp Vu
Chùa Pháp Vu har adresse Godvik, utanfor Bergen. Tempelet held til i eit privat hus, og tilhøyrer det vietnamesiske buddhistsamfunnet i Bergen – ein fløy av det vietnamesiske Buddhistsamfunnet I Noreg. Huset fekk dei kjøpt i 2001. Registrerte medlemmer i Bergen er ca 600, og retninga er mahayanabuddhisme. Den som pr i dag er sjefsmunk for tempelet er Tich Vien Tanh.
Tempelet har faste bønnetider, og her feirar ein dei viktigaste høgtidene. Ved fester kan opptil 200 menneske vere innom lokalet. Tilknytta menigheten er også ein vietnamesisk speidarfamilie som har skule for born annakvar søndag.
Tempelet har denne webadressa: www.phapvu.com
Tempel
Dette er eit forfedrealter, det første ein møter når ein kjem inn i tempelet. Her heng bilder av dei som er døde, og som familien og menigheten ber for i bønetida etter at nokon døyr. På alteret kan ein også legge offergåver. Til høgre ved vinduet heng bilder av kvinner, til venstre menn. Personen på bildet i gullramma er nyleg død, og blir bedt for av dei som kjem inn.
Her ser vi sjefsmunken i tempelet: Thich Vien Tanh som leier seremonien. Han har bønekjede i handa, og resiterer tekst.
Sentralt på alteret ser vi to Buddhastatuar. Den nedste er Buddha Amithabha med tiggarbolle, han blir også kalla “Notidas Buddha”. Øvst ser vi Maitreya, “Framtidas Buddha”. Maitreya skal leve som bodhisattva i himmelen i 5 670 000 000 år, før han kjem ned til jorda for å frelse menneske frå undergang.
Til venstre for desse ser vi bodhisattvaen Quan Ying (også kalla Avalokiteshvara), her i kvinneleg skikkelse. Ho er den som er nærast menneska og skal redde dei frå nød. Representerer omsorg og medlidenhet. Til høgre ser vi Manjusri, som er bodhisattvaen for visdom. Dei fem små buddhaskulpturane som heng på veggen bak, representerer dei fem retningane i buddhismen og også dei 5 verdsretningar: nord, sør, aust, vest og midten.
På teppet bak skimter vi ein blå Buddha, ein “medisinbuddha”. Statua framfor er bodhisattva Quan Ying.
Motiv på teppe bak: Buddha med tiggarbolle. Statue av boddhisattva Quan Ying
Tempelvakt. Vakt for tempelet og dei døde.
Den andre av tempelvaktene. Passer på tempelet og at folk overheld reglane der. I større tempel som er bygd som buddhisttempel, står det ein tempelvakt på kvar side av inngangsdøra.