Digital ressurskasse
Nr 1
Buddha Shakyamuni med almissebolle.
Nr 2
Bodhisattva Ksitigarbha, på sokkel Buddha Shakyamuni, og Bodhisattva Avalokitesvara.
Nr 3
Liten meditasjonsbuddha i gips til å henge på vegg.
Nr 4
Bronsebjølle til å ringe med under religiøse seremoniar.
Nr 5
Bjølle med pinne til bruk under meditasjon.
Nr 6
Fiskehodeinstrument med pute og trepinne til bruk under andakt og seremoniar i templet.
Nr 7
Instrument med bambus-pinne til konsentrasjon / resitering
Nr 8
1 stk syngebolle med pute og stav. Lyd for konsentrasjon og meditasjon.
Nr 9
Modell av stupa i tre, tibetansk type. Leivingane etter Buddha vart opphaveleg gøymt i små gravhaugar av jord (stupaer). Desse vart seinare utvikla til vakre byggverk, og er den eldste forma for heilag buddhistisk arkitektur.
Nr 10
Vasskrukker med lotussokkel og lokk til eit buddhistisk altar. Kvar dag skal desse fyllast med nytt friskt vatn.
Nr 11
Eksempel på fruktskåler og vasar med blomar som skal plasserast i symmetri på eit altar.
Nr 12
Bønehjul brukt i tibetansk buddhisme. I sylindaren ligg bønetekstar, og dei finns også på dekoren utanpå. Ved å snurre på hjulet sleppast bønene ut i verda.
Nr 13
Bønekjeder (mala) med 108 perler, eit heilagt tal, og armband for jente / gut. Nokre buddhistar tel perlene på bønekjedet når dei mediterar eller syng et mantra, det er til god hjelp for konsentrasjon.
Nr 14
Altarflagg med frynser, skal henge på kvar side av alteret frå taket og ned i ansiktshøgde. Spesielt til vesakfeiring: 2 lange alterfaner og små flagg på snor.
Nr 15
Vietnamesiske sutraer frå Kuong Viet ? tempelet på Lørenskog. Sutraene er heilage tekstar som kommenterer og forklarar Vedaene og Upani-shadene. Tekstane var til i tida rundt Kristi fødsel.
Nr 16
Lama-veske, som munkane brukar.
Nr 17
Meditasjonspute frå Don Hau – tempelet i Trondheim.
Nr 18
Almissebolle (tiggarskål) av keramikk. I nokre land, t.d. Thailand, er munkane avhengige av at folk gjer dei mat, og kvar morgon forlet dei klosteret for at andre menneske kan fylle opp bollane deira. Ved å gje gåver og mat til munkane håpar folk å få god karma.
Nr 19
Lesekrakk for heilage tekstar. Slike tekstar skal visast stor respekt, og skal helst kvile på eit stativ som her. Dei må aldri plasserast direkte på golvet.
Nr 20
Detalj av altarbilde som viser Buddhas fødsel og livsløp. I følge tradisjonen kunne Buddha gå straks han vart fødd, og lotusblomar vaks opp i dei første fotspora hans.
Nr 21
Røykelsekar i bronse med lotusfot og ulike typar røykelse. Å skape vellukt er i seg sjølv et viktig element både under meditasjon og ritual. Det blir ofte tent tre røykelsespinner, ein for kvar av dei tre juvelane i buddhismen: buddha, dharma og sangha.