Heilage rom i Buddhismen
Dei første bygningane knytt spesielt til buddhismen var stupaen og klosteret. Stupaene var opphavleg minnesmerke over relikvie etter Buddha. Ein ”relikvie” blir gjerne definert som ein del av kroppen til ein død, heilag person, men buddhistiske relikvie omfattar alle restar frå likbålet etter Buddha, og dessutan relikvie frå arhataene hans og andre buddhistiske meistrar. Stupaen har alle kjenneteikna vi tenkjer på med ”heilage rom”. Som bygning representerer den kroppen til Buddha, verdsaksen, dei fem elementa i kosmos, eit mandala i tre dimensjonar, og så vidare. Klosteret derimot er strengt teke ikkje noko heilagt rom, men ein kollektiv bustad for munkane. Store kloster kan ha bibliotek og studierom, meditasjonshall for felles meditasjon og celler for tilbaketrekking og einsam kontemplasjon.
Det herskar ei viss forvirring omkring bruken av dei ulike omgrepa brukt om det heilage romet i buddhismen. ”Templet” i buddhistisk samanheng er det same som statuerom eller ”Buddhahall” og har som funksjon å huse statuar av buddhaer, bodhisattvaer og gudar. Templet er vidare ein stad for tilbeding, offer og bøn. Statuekult er eit mykje yngre tillegg til buddhismen enn klostra og stupaene. Templet kravde nokon som kunne drive det, og ingen var vel betre eigna enn munkane eller nonnene i klostra? Mahayanatempel er derfor gjerne tempel og kloster i eitt. Munkane leier rituala, og blir nærmast ritualekspertar på same viset som dei hinduiske prestane som utfører rituala på vegne av, eller på oppdrag frå, lekfolket. Ofte blir det òg reist stupaer på området til tempelet, slik at ein får alle tre typar heilage rom samla i eitt større kompleks. Ordet pagode blir brukt om austasiatiske tempel som skil seg frå tempel andre stader ved særmerkte arkitektoniske uttrykk.