Hovudretningar
I hundreåra som følgde etter at Buddha døde oppstod det fleire buddhistiske skolar i India og på Sri Lanka. Desse tidlege retningane har med eit fellesnamn blitt omtalt som hinayana, den vesle vogna. Hinayana baserte seg i størst mogleg grad på orda etter Buddha. Etter at Buddha døde, kom munkane saman i det første av ein serie store munkemøte, der dei blei einige om innhaldet i Buddhalæra. Innhaldet blei samla og nedteikna i ein stort tekstkorpus kalla Tipitaka. Språket i Tipitaka er Pali, eit gammalt språk frå Sri Lanka, der tekstane blei nedteikna og samla. Den einaste hinayanaskolen som har overlevd til vår tid er kalla theravada, og theravadabuddhistane bruker framleis Tipitaka som kanoniske bøker.
Namnet hinayana var eit nedsetjande nemning som blei introdusert av ei ”ny” retning som oppstod i India ved starten av tidsrekninga vår. Den nye retninga kalla seg mahayana, den store vogna. Mahayanabuddhistane var kritiske til det dei opplevde som elitistiske frelsesdoktriner i hinayana. I følgje dei gamle skolane var vegen til frelse så krevjande at det berre var munkane som hadde nokon reell sjanse til å oppnå Nirvana i dette livet. Mahayana hevda derimot at alle menneske hadde same sjansen til Nirvana med hjelp frå Buddha og andre som har oppnådd frelse.
Litt forenkla kan ein seie at dei som har oppnådd Nirvana, som til dømes mange av dei samtidige tilhengjarane til Buddha, blir kalla arhat innan theravada. Innan mahayana blir dei som har nådd Nirvana kalla bodhisattvaer. Ulikskapen ligg ikkje berre i namnet. Arhatane fokuserer berre på eiga frelse. Dei kan ikkje hjelpe nokon om dei sjølv ønskjer det, sidan vegen til frelse allereie er gitt av Buddha og resten er eigeninnsats. Bodhisattvaen derimot er meir ein slags frelsarskapnad. Bodhisattvaen er ein person som har oppnådd Nirvana, men som vel å bli att i verda for å hjelpe andre med å nå det same målet.
Avalokitsvara er bodhisattvaen for omsorg og medkjensle. Ho kan ta kva som helst form, som demon eller menneske, kvinne eller mann. Ridedyret hennar er draken, symbolet for fridom. Foto: Anders Bettum, Oslo museum, Interkulturelt museum.
”Bodisattvaens fremste eigenskap er ei grenselaus medkjensle med alle levande vesen. Han eller ho – det finns òg kvinnelege bodhisattvaer – kan ta ulike utsjånader for å tilpasse seg dei som skal hjelpast. I praksis blei mange av bodhisattvaene sett på som guddommar som vanlege menneske kunne vende seg til. Ein bodhisattva kan til dømes redde menneske i alle slags farlege situasjonar – brann, flaum eller åtak av røvarar – og til og med gi barnlause kvinner barn”i. På same måte som gudane til hinduane har bodhisattvaene ridedyr som symboliserer ein viss kvalitet. Nokre bodhisattvaer finns i alle retningar av mahayanabuddhisme, medan andre er lokalt forankra.
Mahayanatempel inneheld derfor ikkje berre statuer av Buddha, men òg statuer av fleire bodhisattvaer, gudar og forfedrar som har kome langt på vegen mot Nirvana og som kan gripe inn i livet til menneska. Statuane blir tilbedne som gudar, har eigne myter knytt til seg, og mottek offer og oppvarting ikkje ulikt puja-ritualet i hinduismen. I theravadatempla finn ein berre statuar av Buddha. Han blir ikkje tilbedd som ein gud, men blir æra som læremeister og eit døme til etterfølging. Når ein ofrar i eit theravadatempel er det ikkje snakk om eit offer til Buddha, men ei øving i sjenerøsitet og ei gåve til medmenneske. Medan theravadabuddhistane oppfattar Buddha som ein historisk person, ser mahayana han nærmast som ein gud, eit vesen som lever i konstant Nirvana, og som kom til jorda for å lære menneska å oppnå det same.
Mahayanabuddhismen kan igjen delast inn i mange underretningar. Ein av desse er tantrismen, som oppstod i Bengal-området og hadde ei blømingsperiode dei siste hundreåra før buddhismen forsvann frå India. Tantrismen var mindre opptatt av moral, klårsyn og innsikt enn dei tidligare retningane, og tok heller i bruk kraftfulle magiske formlar, ritual og meditasjon over ulike guddommar og bodhisattvaer. Tilbeding og kult for gudane fekk større plass innan denne varianten av buddhismen, og talet gudar auka. Guruen hadde ein svært sentral posisjon i tantrismen og det var berre han som kunne innvie elevar til høgre kunnskap. Tantrisk buddhisme spreidde seg til Tibet, der han framleis er hovudretninga. Tibetanarane kallar ein guru lama. Vi skal straks sjå nærare på nokre av dei austlege formene for Mahayanabuddhisme.