Religionsstiftaren Buddha
Buddhismen blei grunnlagt av den indiske prinsen Sidharta Gautama, som levde i det 5. eller 6. hundreåret f. Kr. Han skal ha tilhøyrt Shakya-slekta, ei fyrsteslekt som heldt til i byen Kapilavastu, på grensa mellom det noverande India og Nepal. Den unge prinsen vaks opp i eit skjerma tilvere i palasset til faren, uvitande om liding, død og vondskap. Først då han blei eldre reiste han frå palasset av og til, og ein dag han var ute på køyretur i vogna si fekk han sjå ein sjuk mann, ein olding og eit lik. Innsikta i lidinga og den nye kunnskapen om at livet er forgjengeleg gjorde sterkt inntrykk på han, og ei natt reiste han frå palasset, familien sin og alt han eigde, for aldri å vende tilbake.
Som heimlaus asket vandra han rundt i fleire år, på søk etter ei forklaring på tilveret. Han vart kalla Shakyamuni, vismannen av Shakya-slekta. Han gjekk i lære hos andre omvandrande filosofar og lærarar, der fann han visdom, men ikkje noko endeleg løysing på problema sine. Skuffa over filosofane bestemte han seg til slutt for å søkje svara i seg sjølv, og sette seg under eit fikentre og i djup meditasjon. Han ville ikkje reise seg før han hadde gjennomskoda gåtene i tilveret. Slik sat han heile natta, i djupare og djupare meditasjon. Freistingsdemonen Mara prøvde å forstyrre han, blant anna ved å sende dei tre forførariske døtrene sine til han, men konsentrasjonen hans var så sterk at ingenting kunne bryte han. Ved soloppgong gjennomskoda han i eit glimt samanhengen i tilveret, og i same stunda oppnådde han Nirvana og blei Buddha: Den oppvekte.
Buddhastatue. Foto: Grete Huus
Snart stod Buddha sjølv fram som læremeister, og i 45 år vandra han rundt på Gangessletta og forkynte for folk den innsikta han hadde vunne. Gjennom den stillferdige forkynnarverksemda si fekk han ein stadig veksande tilhengjarskare som han organiserte i munke – og nonneordenar, kalla sangha. Munkane måtte gi avkall på all eigedom og tigge all maten dei trong. ”Dei tre juvelane” eller ”Dei tre tilfluktene” er i følgje buddhistane sjølve kjernen i den religiøse tradisjonen deira. Dei tre juvelane/tilfluktene er Buddha, læra hans og sanghaen. Munkane har tradisjonelt hatt ansvaret for å ta vare på og vidareføre læra. Dei fleste tilhengjarane heldt likevel fram å leve som lekfolk. Dei forsynte munkane med mat og forsøkte elles å leve så godt dei kunne etter læra etter Buddha. Buddha blei 80 år gammal, og ved døden oppnådde han ”den andre Nirvana” (parinivana), og forsvann ut av eksistensen for alltid. Kroppen hans blei kremert og restane gravlagt på ulike stader. På kvar stad blei det bygd ein liten heilagdom, ein stupa.