Ritual
Krava til rituell reinskap er ikkje så strenge innan buddhismen. Det som er viktig er at ein er i den rette sinnsstemninga. Likevel reknar ein det som vanlig høvisk framferd og teikn på respekt at ein tek av seg sko og hovudplagg før ein går inn i templet. Ein kan òg velje å ta på seg ei blågrå drakt som viskar ut sosiale ulikskapar.
Rituala blir først og fremst utført av munkane og novisene. Templet er ikkje bygd som eit forsamlingshus for soknet, og skil seg slik frå gudshusa i dei fleste andre religionar. Når heile forsamlinga samlar seg skjer det gjerne i andre lokale, og då er det helst det sosiale og ikkje det rituelle som står i sentrum. Som i hinduismen kan lekfolk gjere seg nytte av munkane for å få utført personlege ritual i templet eller i heimen. Dette systemet er basert på ordninga om at lekfolket forsørgjar munkane, og munkane på si side gir lekfolket Dharma tilbake. Medan klostra i Vietnam normalt produserer ein del av maten sin sjølv, får tempelklosteret på Lørenskog all maten frå lekfolket. Andre spesielle tilpassingar til det norske samfunnet er at dagen i templet startar kl. 06:00 i staden for 03:00 som ville vore normalt i Vietnam. Grunnen er at dei fleste novisene har arbeid eller går på skole. Klosterlivet i Noreg er hektisk, fordi ei handfull munkar og nonner skal dekkje den åndelege trongen til fleire tusen lekfolk spreidd over heile landet. I tillegg må munkane drive formidlingsarbeid ut mot det norske storsamfunnet, og ta imot skoleklasser, studentar, osv.
Den daglege kulten er samansett av samlingar med bøn og resitasjon to gongar om dagen: morgon og ettermiddag. Morgontimen er vanlegvis tida for valfri religiøs praksis i vietnamesiske tempel, der kvar enkelt vel meditasjonsform avhengig av kva mål ein har sett seg for si åndelege utvikling.
Den siste helga i kvar månad blir det halde ein seremoni for lekfolket, der dei som ønskjer kan følgje dei strenge levereglane for munkane og nonnene i 24 timar. I løpet av dette tidsromet skal ein vie all si tid til bøn, studie og meditasjon.
Dei viktigaste høgtidene blant vietnamesiske buddhistar er nyttår, Vesak (Phat dan) og Vu-lan. Vietnamesarane nyttar den kinesiske kalenderen, og feirar nyttår når det er fullmåne for andre gong etter vintersolkverv (januar/februar). Nyttårsfesten er til ære for Maitreya, den framtidige Buddha. Vesak blir feira til minne om tre hendingar i livet til Buddha, Shakyamuni: Fødselen hans, oppvakninga under Bodhi-treet, og den endelege parinirvana ved døden. Festen blir halden på fullmånedagen i den fjerde månaden, dvs. på våren. I tillegg til desse store høgtidene finns ei rekkje mindre feiringar, som til dømes minnedagane for enkelte bodhisattvaer, særleg Avalokitasvara og Kshitigarbha.
Bodhisattva Kshitigarbha frå Kuong Viet tempelet. Han er den som frelser dei som har kome til helvete. Han har som mål å tømme helvete for sjeler. Når det skjer oppnår han endeleg Nirvana (parinirvana). Foto: Anders Bettum, Oslo museum, Interkulturelt museum
Òg i samband med overgongsriter har vietnamesarane eit praktisk forhold til religionen, og det er opp til den enkelte familien korleis høgdepunkta i livet blir markerte. Ein nyfødd blir vist liten merksemd av offentlegheita, men når barnet er tre månader gammalt held ein namnegivingsfest. Overgongen frå barn til vaksen blir knapt markert i det heile. Derimot går novisene i templa gjennom ulike ritual ettersom dei stig i gradene inntil dei til slutt får status som fullverdige munkar. Overgongen frå novise til munk blir blant anna markert ved at ein skiftar namn. Bryllaup er ei viktig hending i Vietnam, men blir sjeldan feira i templa. Høgdepunktet i feiringa er ein stor festmiddag med familie og vener. Eit av dei få religiøse elementa ved bryllaupsfeiringa, er at paret takkar sine avdøde slektningar ved alteret til forfedrane.
Gravferda er kanskje det overgongsritualet som blir vist størst merksemd i buddhismen. Etter ein felles gravferdsseremoni held vietnamesiske familiar ei rekkje seremoniar i heimen, ofte med ein munk til stades. Eit bilete av den avdøde blir plassert på alteret til forfedrane, anten heime eller i templet. Ein sentral tanke i buddhismen er at ”sjela” (anatman) til den døde blir igjen ei stund i den materielle verda etter dødsaugeblinken. Dei religiøse seremoniane familien held skal hjelpe den døde over i dødsriket, og hjelpe til at vedkomande hamnar på rett stad. Det verste ein kan risikere er at avdøde hamnar i helvete. Derfor er dei oppleste bønene og tekstane ofte retta mot bodhisattvaen Kshitigarbha (Dia Tang). Dei første 49 dagane held ein minnestunder kvar dag, deretter ein gong i veka. Etter 100 dagar reknar ein med at den døde har reist frå verda, og etter dette held ein minnestunder ein gong i året. Den avdøde er bunden til jorda gjennom banda til dei nærmaste. Sørgjeperioden er derfor lengre for dei nærmaste slektningane. Misser ein eit av foreldre sine kan ein til dømes ikkje gifte seg før etter eitt til tre år.