Utbreiinga til Buddhismen
Buddha etterlet seg ingen etterfølgjar, og ved døden hans var ubreiinga av læra avgrensa til ein liten skare av læresveinar. Buddha skal sjølv ha oppfordra munkane sine til å gå ut i verda for å spreie bodskapen før han dødei. Munkane reiste rundt og grunnla nye kloster og lærestader, men verkeleg fart på spreinga blei det ikkje før keisar Ashoka kom til makta.
Keisar Ashoka (268-239 f. Kr.) herska over heile Sentral – og Nord-India, og konverterte til buddhismen tidleg i regjeringsperioden sin. Ashoka kom til makta etter ein serie blodige slag. I ei rekkje edikt han let hogge i stein fortel han korleis minna frå slagmarka plaga han, noko som førte til at den tidlegare krigsherren blei pasifist og buddhist. Den buddhistiske tradisjonen hevdar at Ashoka sende misjonærar rundt om i heile riket, òg til nabolanda. Fleire kongar etter Ashoka verna om buddhismen, men buddhismen blei aldri statsreligion i India. Kongane på den tida heldt alle dører opne og var positivt innstilt til fleire religionar.
Buddhismen spreidde seg sørover i India allereie under Ashoka, og nådde Sri Lanka under sonen Mahendra. Over land nådde buddhismen først det austlege Persia og sentralasia, og derfrå blei han frakta vidare til Kina via Silkevegen og andre karavaneruter. Frå Kina spreidde buddhismen seg til Korea og Nord-Vietnam. Rundt 500 e. Kr. kom srilankiske munkar sjøvegen til Indonesia og fastlandet i Søraust-Asia. Noko seinare nådde buddhismen Japan frå Korea.
Buddhismen hadde stordomstida si i India frå om lag 250-500 e. Kr. Deretter gjekk det nedover. Då det kongelege vernet svikta under politisk urolege tider, var dei rike og pasifistiske klostra populære åtaksmål for røvarar og soldatar. Maktovertakinga til dei islamske mogulane i India starta for alvor på 1200-talet, og då var allereie dei fleste klostra borte frå fødelandet til buddhismen. Indisk buddhisme har likevel overlevd i Tibet, og denne retninga har opplevd ei bløming i moderne tid gjennom vestleg interesse.