Hinduisme
Hinduismen er kjend for nordmenn som religionen til India, men i Noreg er det faktisk tamilske hinduar frå Sri Lanka som utgjer den største gruppa. Bergen og Trondheim har eitt tamilsk hindutempel kvar, og i Oslo-området har vi to hindutempel: eitt nordindisk og eitt tamilsk.
Hinduismen er ein mangfaldig religion med eit utal gudar, tradisjonar og retningar som har vakse og utvikla seg over 3000 år. Det store mangfaldet fekk enkelte tidlege forskarar til å hevde at hinduismen eigentleg ikkje er éin religion, men fleire. I dag er forskarane einige om at hinduismen utgjer eitt religiøst system. Hinduane sjølve oppfattar det òg slik.
Guden Rama med kona Sita og broren Lakshman. Framme til venstre sit apeguden Hanuman. Frå det nordindiske templet Sanatan Mandir på Slemmestad i Oslo. Foto: Anders Bettum, Oslo museum – Interkulturelt museum.
Det er likevel vanskeleg å definere hinduismen presist. Det kan vere vanskeleg å finne eit einaste felleselement som alle dei ulike trusretningane deler. Dei ulike ideane vi i Vesten knyt til hinduismen, som autoriteten Vedaene, polyteisme, trua på reinkarnasjon, tilbeding av heilage kyr, vegetarianisme, pasifisme, asketisme og så vidare, blir praktisert høgst ulikt frå retning til retning. I boka ”Being a Hindu in Oslo” har religionshistorikar Ram Eivind Gupta lansert tanken om Dharma, ei guddommeleg gitt verdsordning som samlande element. ( red): I forordet til boka blir hinduismen skildra som ein ”overwhelmingly festival-oriented religion”. Templet er gjerne midtpunktet for festivalane. Tempelkulten er utan tvil ein svært sentral del av hinduismen, og ein viktig berar av hinduisk tradisjon og kultur.
Det overveldande fleirtalet av hinduar lever framleis i India og på Sri Lanka, medan mindre koloniar har slått rot i Indonesia (Bali), på dei vestindiske øyene og på austkysten av Afrika. I moderne tid har ein relativt omfattande diaspora og enkelte guruar innført hinduismen og hinduistiske idéstrøymingar til Vesten, særleg til USA, Canada og England. I 2006 var fleirtalet av hinduane i Noreg tamilar frå Sri Lanka, og det er denne gruppa vi skal konsentrere oss om. Likevel skal vi ikkje sleppe heilt taket i indisk hinduisme, sidan religionen er meir eller mindre den same. Den første gruppa hinduar som kom til Noreg var nordindarar, og desse har på mange måtar ein betre etablert diaspora enn tamilane.