Heilage rom
Bergen Hindu Sabha
Det tamilske hindutemplet heiter Bergen Hindu Sabha og held til i den gamle kinosalen i den tidlegare Fanahallen på Minde. Templet er vigsla til guden Ganesha, og høyrer dermed til shivaismeretninga. Ganesha er guden for intellekt og visdom, og også for hindringar. Prest blir leigd inn frå utlandet for eitt år om gongen.
Kontaktperson for Bergen Hindu Sabha, Raajini Rajalingam, seier dette om templet: ”Bergen Hindu Sabha vart registrert som eit trussamfunn hos fylkesmannen i Hordaland ca. 1990, men det vart halde samlingar frå ca midten av 80 tallet. Hinduar frå India og Sri Lanka tok inititativet til etableringa, og trussamfunnet er styrt av eit styre som er valde av ei generalforsamling etter vedtektene.
På midten av 1990 tallet vart det importert statuar frå India, og menigheten hadde eit tempel i eit leigd lokale på Danmarksplass i Bergen. Med lån, oppsparte midlar frå trussamfunnet og donasjon frå enkelte medlemar vart gamle Fanahallen på Minde kjøpt og ombygd til eit flott tempel. Veldig mykje av arbeidet med ombygginga vart utført på dugnad av ivrige sjeler som ynskte å ha eit eige hindutempel å gå til.
Templet vart innvia 27. august 2004. Då henta trussamfunnet 5 prestar frå utlandet i tillegg til dåverande tempelprest for å utføre sermonien. Sermonien varte i fem dagar. Templet vart via for 12 år. I dag feirar vi alle religiøse høgtider i templet og den årlige festivalen «Thiruvilla» vert feira i mai / juni månad. Dagens prest heiter S. Mahadeva Kurukkal. Pr. dags dato består trussamfunnet av ca. 700 medlemar. Desse medlemane bur i Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Oslo.”
Templet har nettadresse: www.bergenhindusabha.info
Tempel
Inngang
Når ein kjem inn i tempelet, setter ein i frå seg det ein har med som offergåve på bordet. Her ser vi fleire offerfat, det eine med ris, bananer og ei kokosnøtt – alt fint dandert. Her er også eit fat med 5 skåler som inneheld forskjellige ting. På høgre og venstre side står oljelamper.
Tempel
Alle som kjem til puja (tilbedinga av gudane i tempelet), påfører seg (eller av presten) eit kvitt pulver i panna (laga av brent kumøkk og høy). Dette for å minne om at ein sjølv blir til aske og bør leve eit godt og moralsk liv. Denne seremonien går føre seg ved bordet framfor alteret.
Tempel
Dette er ein shivalingam, eit symbol på Shivas fruktbarheit, med eit mangedelt slangehode over. Slangen er attributt for Shiva, og symboliserer liv og energi. Shivas kjønnsorgan (lingam) er plassert i ein yoni (kvinnelig organ). Små og stor shivalingamstatuar finst som symbol på guden si kraft både i tempel og hinduistiske heimar.
Vi ser Kanumari Amman, ei form av Kali, ho er gudinne for styrke. Over henne ser vi ein 5-hoda slange. Ved hennes alter kan ein ønske seg noko.
Oversikt tempel
Her ser vi 9 svarte gudar som representerer dei 9 planetane.
På hovudalteret si høgre side og til venstre for personen på bildet, sit ein liten gud: Sandeswarar. Han sit med ryggen til og mediterer ved veggen inn til Ganesha. Ved denne statua ønsker ein seg noko (det skal ikkje seiast høgt), etterpå klapper ein tre gonger i hendene for å vekke guden slik at han overbringer ønsket til hovudguden inne i alteret. Guden Murugan, ein av Shivas søner, med dei to konene sine Valli og Deyvanei.
Tre gudar, den dansande Shiva i midten. Shiva er ein del av ein guddommeleg treeinigheit saman med Brahma (skaparen) og Vishnu (oppretthaldaren). Shiva er øydeleggaren. Desse 3 gudane står for balansen i universet. Shiva er ein av dei eldste gudane i hinduismen, og er ein skikkelse full av motsetnadar. Han er både ein fruktbarheitsgud og ein gud for askese. Shiva blir ofte framstilt som dansande i ein ring av flammer som viser at han kontrollerer undergangskreftene. Han dansar på ein dverg som representerer uvitenheit.
Guden Murugan, ein av Shivas søner, med dei to konene sine Valli og Deyvanei.