Gudane
Hinduismen opererer med eit mylder av gudar og gudinner. Ingen veit sikkert kor mange gudar det finns, men eit nyare overslag har landa på cirka 33 millionar! Kva posisjon gudane har varierer frå retning til retning. Som regel finn vi ein høgste guddom, ein transendent, formlaus og upersonleg gud eller gudinne som har skapt universet og eksisterer som eit grunnleggjande prinsipp og utgangspunkt for alt, òg for dei andre gudane. I vedaene er dette skaparguden Brahma. Brahma blir av og til tilbeden direkte, men kulten er som oftast retta mot ein av manifestasjonane hans, særleg Vishnu eller Shiva. Desse tre gudane, Brahma, Vishnu og Shiva, er ei slags treeining kalla trimurti, og representerer grunnprinsippa for eksistensen vår: Skaping, oppretthalding og øydelegging.
Dei fleste hinduiske retningane kan grovt inndelast som Vishnuittar eller Shivaittar. Vishnuittane er den største gruppa, og tilber Vishnu som den høgste guddommen. Vishnu er held oppe universet og er full av kjærleik for alle menneske. Alternativt kan ein tilbe Vishnu i ei ev dei andre formene hans, særleg som Rama eller Krishna.
Statue av Shiva. Frå Sanatan Mandir. Foto Anders Bettum, Oslo Museum, Interkulturelt museum.
Shivaittane tilber Shiva og medlemane av familien hans, særleg kona Parvati og sønene Ganesha og Murugan (Skanda). Shiva er guden for destruksjon, øydelegging og forfall, men han er ingen djevel, sidan øydelegginga blir sett på som ein føresetnad for skaping og oppretthalding. Han er ”Den store yogin”, og mange yogiar og asketar er shivaittar. Han er dessutan guden for estetikk, dans og erotikk, og blir omtalt som ein kjærlig ektemann i mytane. Elles blir dei destruktive og farlige aspekta tona ned i tamilsk hinduisme.
Det finns millionar av mindre guddomar, og det er gjerne desse den jamne hindu tek omsyn til i det daglege. Det finns gudar for krig, sport, kjærleik, musikk, kunnskap, familieliv, styrke, med meir som fungerer som rollemodellar for alle tenkelege situasjonar ein hindu kan hamne i. Det er vanleg at enkeltpersonar vel ein personleg guddom (ishtadeva) som dei har eit spesielt nært forhold til. Innan mange retningar er det likevel klart at Gud til sjuande og sist er ein, sjølv om han (eller ho) kan opptre med ulike namn og ulike former.
I følgjande utdrag frå kapittel ni i Bhagavadgita, skildrar Krishna einskapen sin til krigaren Arjuna:
Vers 15: ”Andre tilber meg med age, anten som den eine, eller på ulikt vis i eit av mine aspekt”.
Vers 22-23: ”Eg ber fram velstand for dei som tilber meg utan å tenke på noko anna, alltid uthaldande. Men òg dei som lydig i si tru ofrar til andre gudar, ofrar til meg, Arjuna, om det ikkje er på den rette måten”.
Dei fleste hinduiske retningane kan grovt inndelast som Vishnuittar eller Shivaittar. Vishnuittane er den største gruppa, og tilber Vishnu som den høgste guddommen. Vishnu er held oppe universet og er full av kjærleik for alle menneske. Alternativt kan ein tilbe Vishnu i ei ev dei andre formene hans, særleg som Rama eller Krishna.