Heilag stad i nytt land
Tamilane i Noreg er hovudsakleg flyktningar frå borgarkrigen på Sri Lanka, og kom til landet på slutten av 1980-talet. Dei slo seg først ned i Finnmark der mange av dei fekk jobb innan fiskerinæringa. På slutten av 1990-tallet flytta mange sørover som eit resultat av dei sterke oppgongstidene i norsk økonomi. Tamilsk hinduisme er hinduisme slik den blir praktisert blant tamilar i Sør-India og på Sri Lanka. Denne forma for hinduisme er prega av bakhti, gudinnetilbeding, shivaisme, og tilbeding av navargaha, ”dei ni planetane”.
Religionen er naturligvis tilpassa norske lover og reglar, men må òg tilpassast lokale forhold samt veret og det kalde klimaet. Det krev òg meir planlegging før kvart ritual, fordi mange ting må tingast frå Sri Lanka. Til dei større høgtidsfeiringane trengs det fleire prestar og musikarar. Desse blir òg leigde inn frå Sri Lanka.
Røykelsen hang tjukk over Ammerud då tamil-hinduene gjennomførte sin årlege kjerrefest i 2006. 6000 mennesker var til stades. I vognen sit dåverande prest, Sivagama Kirarathna Siva Siri Pangusakurukgal. Foto: Anders Bettum, Oslo museum, Interkulturelt museum.
Kjelda vår, Pulendran fortel at tempelet på Ammerud har eit godt forhold til naboane: ”Folk var litt skeptiske til å begynne med. Dei likte ikkje alle lydane vi bruker i rituala våre, spesielt ikkje når vi går i prosesjonar utandørs. Vi har forsøkt å tilpasse oss ved å ta meir omsyn, vi forsøker å halde vindauga lukka når vi er innandørs, og har redusert lydnivået når vi er ute. Når vi er ute må vi hente inn spesialløyve frå politiet, og vi leverer personleg nabovarsel til naboane våre. Dette er døme på korleis vi må tilpasse oss lokale forhold. Forsøka våre har hjelpt, og i dag har vi stort sett eit godt forhold til naboane. Mange syns det er veldig positivt at vi er her fordi kriminaliteten i området har gått ned som eit resultat av vi kom. Tidlegare var det mykje innbrot og stolne bilar som blei dumpa i dette fråflytta industriområdet. No skjer ikkje det lenger”.
Eit anna interessant døme på korleis tamilane i Oslo har tilpassa seg lokale forhold er korleis dei har tatt i bruk naturen i nærområdet. Vatn og særleg heilage elver er svært sentrale for det kultiske livet i India. I mangel av noko heilag elv har Vesletjern i Lillomarka, som ligg i gangavstand frå templet, blitt vigsla som heilag stad (tirtha).
Vesletjern i Lillomarka ligg berre fem minuttar frå tempelet, og har blitt innvia som heilag innsjø av dei tamilske hinduane. Foto: Anders Bettum, Oslo museum, Interkulturelt museum.