Religion og samfunn
Det indiske (og tamilske) samfunnet er som så mange andre ikkje-vestlege kulturar, familiebasert. Lysta til individet er underorda trongen til familien. Dette gjeld òg det religiøse. Nyare forsking har vist kor håplaust det kan vere for andregenerasjons hinduar å finne ein personleg religiøsitet innan rammene av hinduismen, der religiøsitet er eit sett korrekt utførte handlingar, og der plikt ovanfor familien er blant dei viktigaste dygdene. Pietismen, ei sterk personleg og kjenslemessig oppfatting av det heilage, er ei protestantisk oppfinning som har ein mykje mindre plass i asiatiske religionar. Antropologen Chris Fuller har skildra eit ritual han overvar i det enorme Minakshi templet i Tamil Nadu. Den tilsynelatande mangelen på innleving frå prestane overraska han. Dei krangla seg imellom om rekkjefølgja i ritualet, skulda kvarandre for feil og ”snarvegar” som blei gjort, og tok hyppige pausar der tennis og politikk blei diskutert heftig.
Medan vi i Vesten har klare omgrepsmessige skiljelinjer mellom religion, tradisjon, kultur, politikk, livssyn, samfunn, filosofi osv., vil ein ortodoks hindu vanskeleg kunne forstå korleis ein i det heile kan lausrive det ein frå det andre. Hinduismen er ein levemåte, eit livssyn og ein måte å organisere eit samfunn på. Tradisjonane gjennomsyrer samfunnet på alle nivå. Religionen grip inn i kvardagslivet og blir ein integrert del av tilveret. Ein diaspora-hindu i Oslo skildra eit besøk til India som ”eit einaste stort ritual”. Dette står i skarp kontrast til forholda i Vesten, der religion blir sett på som ein særskilt måte å handle og tenke på. Ein har eigne tider og stader for religionsutøving, og utanom desse rammene er ikkje religion noko tema.
Kastesystemet blir gjerne enkelt framstilt som fire samfunnsklasser (varna): brahminane som er presteskapet, kshatriya som er krigarar og herskarfamiliar, vaishya som er handelsfolk og handverkarar, og shudra som er bønder, tenarar og arbeidarar. I tillegg kjem dei kastelause som britane kalla «untouchables», sidan ein person frå ei høgkaste må gjennom eit reinsingsritual etter å ha rørt ein slik person. I røynda finns det tusenvis av kaster basert på yrke (jati), men alle kan grovt fordelast innanfor dei fire hovudgruppene nemnd ovanfor. Kvar kaste har mange underkaster, og det er ikkje nødvendigvis slik at dei fire hovudkastene følgjer kvarandre slavisk i status. For eksempel kan ei høgkastefamilie innan kshatriya i praksis ha høgare sosial status enn ei lågkastefamilie blant brahminane.
Ordet ”kaste” er svært negativt lada i Vesten, og systemet har òg vore under sterk kritikk av talsmenn i India. I Skandinavia tilhøyrer vi ein sterk sosialdemokratisk tradisjon der likeverd mellom menneska er eit høgt verdsett ideal. Men òg hos oss er det slik at nokon har makt, rikdom og høg status, medan andre er fattige og må tene dei rike. Kastesystemet gjer det tydeleg kven som er kvar på rangstigen, og oppfordrar folk til å innfinne seg med livssituasjonen sin og å gjere det beste ut av det dei har fått tildelt. Det å kjenne sin plass i samfunnet og utføre tildelte oppgåver så godt som mogleg gir god karma.
Kastesystemet har vidare med rituell reinskap å gjere. For ein prest er det avgjerande å halde god avstand til alt som er ureint fordi jobben hans krev rituell reinskap til alle tider. Ureine substansar er gjerne knytt til alt som har med død og kroppsleg avfall å gjere. Ureinskap kan bli overført frå menneske til menneske, og dette er grunnen til at til dømes ein brahmin ikkje kan røre ved ein kastelaus. Dei kastelause utfører oppgåver i samfunnet som er nødvendige, men knytt med ureinskap. Som handtering av dei døde, slakt av dyr, arbeid med skinn, søppeltøming og reinhald. Ghandi og andre reformatorar kjempa lenge for rettande til dei kastelause i India.