Tekstane
Hinduismen har utgangspunkt i den ariske innvandringa til det indiske subkontinent omkring 1500 – 1000 f.Kr. Ariarane tok med seg Vedaene, ein stort tekstkorpus skrive på sanskrit, samansett av hymner, bøner og ritualtekstar. Vedaene er organisert i fire delar: Rigveda, som er den eldste og mest kjende, Samaveda, Yajurveda og Atharvaveda. I tillegg finns det tjukke band med kommentarar til vedaene, blant anna filosofiske tankar over dei djupare meiningane til rituala, som Brahmana og Upanishadane.
Den vediske tradisjonen til ariarane smelta saman med lokale religiøse idear. Dei største eksisterande kulturane var Det dravidiske riket i sør og Induskulturen i nordvest. Dette fruktbare kulturmøtet kan seiast å ha gitt impulsar ikkje berre til hinduismen, men òg buddhismen og jainismen. Sidan innføringa av vedaene, har ein enorm korpus av religiøse tekstar kome til innan hinduismen. To store episke verk som òg er av svært gammal dato, er Mahabarata og Ramayana. Mahabarata, som er den eldste, inneheld filosofiske og formanande tekstar der Bhagavadgita er den mest kjende, og som òg finns i norsk omsetjing. Ramayana inneheld mytane om Rama, kronprinsen som urettmessig blir fråteken arven og må leve i skogen med kona Sita. Ein sentral myte er forteljinga om korleis Sita blei kidnappa av demonen Ravana, og korleis Rama klarte å redde henne med hjelp av bror sin Lakshman og apeguden Hanuman.
Tempelkulten og tilbedinga av gudestatuane har få eller ingen røter i vedaene, men blir forklart i Puránaene. Saman med Mahabarata og Ramayana er Puránaene ei av dei fremste kjeldene til hinduisk mytologi, og det er òg her ein finn inndelinga av gudar i grupper som skildra nedanfor. Guden Murugan (eller Skanda), har òg sitt mytologiske opphav i Puránaene.
Gudane er Murugan (i midten), på venstre side Deyvanani og på høgre side Valli. Bergen Hindu Sabha. Foto: Grete Huus