Islam
Dei første muslimane kom til Noreg på slutten av 60-talet gjennom arbeidsinnvandring frå Asia og Nord-Afrika. I dag er islam den største minoritetsreligionen i landet. Trass i, eller kanskje nettopp på grunn av den store mediemerksemda islam får i Noreg, er fordommar og framandfrykt for islam utbreidd blant nordmenn. Prøver ein å setje seg inn i religionen og kulturen der han blir praktisert, vil ein derimot snart oppdage ei verkelegheit fjern frå konfliktfylte sensasjonar i dagspressa.
Muslimar i Noreg har svært ulik bakgrunn, og er integrert i mange grupperingar i det norske samfunnet. Mange er fødde og oppvaksne i Noreg, og i 2013 er det ifylgje SSB ca 194 000 muslimar i landet ut frå tal innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre. Registrerte medlemmar i muslimske trussamfunn er 120 882.
Moskeane er samlingsstaden for felles bøn, spesielt fredagsbøna, men også ein sosial møteplass. I dag finns det om lag 50 moskear i Noreg, men berre få av dei er bygde som moskear frå grunnen av. Den siste moskeen som er bygd, er den pakistanske Central Jamaat – e Ahl – Sunnat på Grønland i Oslo.
Religionen oppstod på 600-talet e.Kr og er den yngste av dei store verdsreligionane. Det arabiske ordet islam tyder underkasting eller overgiving, og seier noko viktig om religionen. Mennesket skal gi seg over til Gud og underkaste seg Guds vilje på alle områda i livet. Den som overgjer seg, er ein muslim. Då profeten Mohammed blei spurt om kva islam var, svarte han: Islam er truvedkjenninga, bønene, almissen, fasten og pilgrimsreisa. Desse fem punkta er seinare kjende som dei fem søylene i islam. Koranen og Hadith er dei viktigaste skriftene i islam, og begge er knytt til profeten Muhammed.
Truvedkjenninga i kalligrafisk skrift:
”Det er ingen gud utanom Allah, og
Muhammed er Hans sendebod.”
Om vi reiser i den muslimske verda, støyter vi på store og vakre moskear og palass som har høyrt til muslimske herskarar. Moskeen er den heilage bygningen i islam, og bygningane gjerne dekorert med vakker ornamentikk som er typisk for islamsk kunst. Ofte er utgangspunktet arabiske skriftteikn som blir stiliserterte og utbroderte som kalligrafi, og frå dei blir det så laga kompliserte mønster. Mønster blir også laga på grunnlag av geometriske former og stilisering av plantar.