Heilage rom
Central Jamat-e Ahl-e Sunnat
Moskeen Central Jamat-e Ahl-e Sunnat på Grønland Oslo tilhøyrer den største gruppa muslimar i Noreg, dei pakistanske barelwiarane. Han blei ferdig bygd i 2006 og har plass til 2500 bedande.
Det finst nesten 100 moskear i Noreg i dag, men berre to av desse er bygd som moskear frå grunnen av. Alle dei andre held til i norske bygningar bygd til andre føremål. Begge dei to ”ekte” moskeane ligg på Grønland i Oslo og tilhøyrer pakistanske trussamfunn.
Moskeen til Ahl-e sunnat er bygd på norsk vis. Ser ein bort frå minareten og kuppelen, kunne den vore ein norsk offentleg bygning. Ahl-e sunnat er open og lys, med store, breie trapper som leier opp til hovudsalen. Den store lysekrona og den sjenerøse bruken av dagslys gjer mykje av romet. Arkitekturen verkar open og inkluderande, noko som speglar haldningane forsamlinga har overfor det norske samfunnet. Moskeen blir ikkje berre brukt som bønerom og koranskole, men òg som møtesal i verdslege samanhengar. I slike høve er trussamfunnet flinke til å invitere norske politikarar og representantar frå offentlege institusjonar. Forsamlinga viser i det heile eit samfunnsengasjement og ei deltaking i det norske samfunnet som svarer dårlig med tidlegare analyser og notidige fordommar. Dette blei understreka januar 2007 då trussamfunnet i samarbeid med Raudekrossen Noreg stolt kunne invitere til ei høgtidsam opning av eit nytt leksehjelpsenter i moskeen. Statsminister Jens Stoltenberg var blant talarane og underhaldninga var ei forfriskande blanding av pakistanske og norske kulturinnslag.
Moské Central Jamat-e Ahl-e Sunnat
Hovudveggen i moskeen er quiblaveggen, der mihraben er.
Mihraben, nisjen i veggen som markerer retninga til Kabaen i Mekka.
Minbar. Dette er “preikestolen” i moskeen, den blir helst plassert på høgre side av mihraben. Den blir brukt under fredagsbøna då imamen held preika si frå det nedste trinnet. Minbaren er ofte dekka med eit teppe, og nest øvst står koranstativet som Koranen kviler på. Det øvste trinnet er symbolsk sett av for profeten Mohammed.
Bilde av Kabaen i Mekka. Dette er den største heilagdomen i Islam, og det er vanleg å ha store fargebilder både av den og Mohammed si grav i Medina på quiblaveggen. Kaba er den svarte steinen i Mekka som muslimane vender seg mot når dei ber. Den er også målet for pilgrimsreisa (haddj).
Bøneteppet på golvet, der kvar enkelt som ber i moskeen finn sin plass.
Oversikt
Oversikt