Andre ritual
Når eit barn blir fødd er det i muslimske land vanleg å slakte eit lam. Igjen er det vanskeleg å utføre dette ritualet i Noreg og løysinga er den same som for offerfesten id al-adhan. Etter at offeret er utført får barnet namnet sitt, og så er det festmiddag. Festen held ein heime, men det er vanleg at ein imam er til stades.
Namnefesten blir helst halden i løpet av den første veka barnet er fødd. Overgangen frå barn til vaksen blir markert ved at ungdomane tek del i det rituelle livet og utføre religiøse plikter som bøn og faste på lik linje med dei vaksne. Vanlegvis skjer dette i 12-14 årsalderen etter ei gradvis opplæring som startar tidleg i barndomen. Å skilje kjønna frå kvarandre trer òg i kraft når barna når puberteten og jentene må begynne å dekkje seg til som vaksne kvinner.
Bryllaup i Sør-Asia er alltid ei storhending, òg for muslimane. Sjølv om islam legg stor vekt på at folk skal gifte seg og leve monogamt, finns det ikkje noko felles islamsk bryllaupsritual. Feiringa blir derfor farga av lokale tradisjonar. Pakistanske bryllaupsseremoniar følgjer same mønster som for hinduar og sikhar i India. Fleire hundre gjestar er ikkje uvanleg i slike bryllaup som ein feirar tre dagar til ende. Festen blir halden privat og noko markering i moskeen er ikkje nødvendig.
For gravferder derimot, finns det islamske føresegner. Pliktene fellesskapen har overfor den døde kan oppsummerast i fire punkt: Rituell vask av den døde, innsveiping av liket, gravferdsseremoni med bøn og sjølve gravferda. Gravferda skal helst skje innan eit døgn etter at personen døde. Gravferdsseremonien og bøna (salat al-janaza) går føre seg i moskeen, med den døde til stades. Her skil islam seg skarpt frå til dømes hinduismen, der døde menneske blir rekna som ureine og derfor må haldast unna templa.