Biletforbod, kunst og kalligrafi
Muslimane praktiserer biletforbod i dei heilage roma sine og bruker heller kalligrafi, plantemønster og geometriske mønster som dekor. Det flytande arabiske skriftspråket eignar seg godt til kalligrafi sidan orda kan formast slik at setninga får si eiga form. Biletforbodet blir elles praktisert ulikt i den islamske verda. Til dømes aksepterer barelwiane bilete av dei to moskeane i Mekka og Medina. Som i jødedomen er det særleg bilete av menneske og dyr som er forbode. Biletforbodet er først og fremst gjeldane for det heilage romet. Som karikaturstriden i 2006 viste med all kraft blir det å lage bilete av Gud eller Mohammed rekna som blasfemi.
Det er ei vanlig oppfatting blant nordmenn at det ikkje finns biletkunst frå den islamske verda i det heile. Dette er ikkje rett. Både i den private og offentlege sfæren har muslimar til alle tider produsert flotte kunstverk, òg biletkunst. Ein skal heller ikkje lenger enn til København før ein finn imponerande samlingar med islamsk kunst. Islamsk kunsthistorie er ein eigen disiplin ved mange universitet i utlandet. Dette faget har inntil nyleg vore fullstendig fråverande i Noreg.
Under ser vi eit bilete av den praktfullt utsmykka moskeen i Åkebergveien i Oslo, eigd av World Islamic Mission. Ein persisk juvel mellom norske bygningar, som viser potensialet i islamsk religiøs dekor.
Foto: Anders Bettum, Oslo museum, Interkulturelt museum.