Digital ressurskasse
Nr 1
Koranstativ. Heilage skrifter skal alltid kvile på eit eige underlag, aldri leggast på golvet t.d.
Nr 2
Innbunden Koran
Nr 3
Bøneteppe m/bilde av kabaen og moskeen i Mekka.
Nr 4
Bøneteppe med påmontert kompass
Nr 5
Eit utval hijabskjerf for jenter og små festeklemmer
Nr 6
Hovudplagg for gutar og menn (topi) til bruk i moskeen. Tildekking er eit uttrykk for å vere audmjuk og underkaste seg Gud.
Nr 7
Bønnetidsklokke som kan innstillast med bønerop til visse tider.
Nr 8
Kompass for å finne retninga mot Mekka når ein ikkje er i moskeen.
Nr 9
Dei islamske bønekjedene har 33, 66 eller 99 perler. Ein kan be fleire typer bøner. Noko som er vanleg er å resitere Gud sine 99 namn medan ein lar perlene gli gjennom fingrane. Desse 99 namna representerer ulike sider ved Gud. Det 100. namnet åpenbarast når ein møter Han i det neste livet.
Nr 10
Bilde med kalligrafiske Koransitat.