Islam globalt
Islam er den nest største religionen i verda, og den som i våre dagar opplever størst vekst. Det finns over ein milliard muslimar på verdsbasis, spreidd utover heile verda. Den arabiske militære ekspansjonen var ein føresetnad for den tidlege spreiinga av islam, men moderne forsking har vist at religionen sjeldan blei tvangsinnført i dei erobra områda. Styresmaktene var òg tolerante overfor andre religionar. Eit kjent døme er då muslimane erobra Jerusalem i 638. Byen var på den tida kontrollert av bysantiske kristne som hadde kasta ut dei jødiske innbyggjarane. Ikkje berre let muslimane dei kristne borgarane få bli buande, men jødane fekk òg vende tilbake. I seinare tider har spreiinga skjedd gjennom misjonering og folkevandring.
Sjølv om islam oppstod i Midtausten og har sterke historiske bindingar til dette området, bur hovudtyngda av muslimar i dag lenger aust. Flest muslimar finn ein i Indonesia.
Islam har alltid vore ein religion i ekspansjon, og har heilt sidan Mohammed vore nøydde til innrette seg etter at delar av umma, den islamske fellesskapen, har levd som minoritetar. Relativt nytt er det likevel at store folkegrupper frivillig flyttar til ikkje-muslimske land, og at så mykje som ein tredjedel av muslimane i dag lever i samfunn med islam som minoritetsreligion.
Det finns fleire retningar innan Islam, der sjia (ca. 19%) og sunni (ca. 80%) er dei største. Desse kan igjen delast inn i eit stort tal grupperingar av ulik etnisk og ideologisk opphav.