Islam i Noreg
Det islamske miljøet i Noreg har vakse kraftig sidan den spede starten på 1970-talet. Talet muslimar i Noreg ligg mellom 115 000 og 135 000. Nettstaden islam.no hadde registrert 86 moskear i databasen sin hausten 2007, men det totale talet trussamfunna i Noreg er truleg noko høgre. Forsamlingane har i hovudsak etablert seg i provisoriske bygg som gamle villaer, industribygg og liknande. Dei ulike organisasjonane har liten eller ingen kontakt med kvarande, og har svært ulike livsvilkår.
Etterkvart oppstod det eit behov for ein samlande interesseorganisasjon for alle muslimar i Noreg. Det første forsøket blei gjort i 1989 som ein respons på at Khomeini utferda fatwa mot forfattararen Salman Rushdie og Nygaard-saka her heime. ”Det muslimske forsvarsrådet” var den første muslimske paraplyorganisasjonen i Noreg, som først og fremst samla dei pakistanske moskeane. Den islamske informasjonsforeininga (DIIF) blei òg stifta i 1989. I 2000 tok dei initiativet til opprettinga av nettsteden islam.no som med tida har utvikla seg til ei ressursside av høg kvalitet. Nettstaden vender seg til alle muslimar, men er òg ei nyttig kjelde til informasjon for alle andre som er nysgjerrige på korleis islam blir praktisert i Noreg. Den største og viktigaste av fellesorganisasjonane er Islamsk råd, som blei oppretta i 1993.