Koranen, tradisjonen og lova
Koranen er den heilage boka til muslimane, og blir rekna som Guds eige ord. Bodskapen i Koranen har eksistert sidan skapinga, og har blitt openberra til menneskja fleire gongar gjennom historia. Alle profetane blei gitt den same bodskapen, men før Mohammed blei bodskapen kvar gong forvrengt og omtolka av menneskja nesten til det ugjenkjennelege. Ifølgje muslimane er Koranen slik han er i dag ei nøyaktig attgiving av openberringa som blei gitt til Mohammed, den siste av profetane.
Det rituelle livet er sentrert rundt boka og innhaldet i henne. Resitasjon av Koranen er eit viktig element i alle islamske ritual og det er eit ideal å kunne resitere Koranen korrekt. Ein person som kan resitere heile koranen på rams kallar ein hafiz, ein som ber Koranen i hjartet sitt. Koranen er skriven på arabisk, og fordi kvar omsetjing òg medfører fortolking og omskriving, blir berre arabiske koranar rekna som ekte. Koranen skal derfor òg resiterast på arabisk, uansett kva språk ein sjølv snakkar. Ei forståing av kva ein les er mange stader underordna ei korrekt lesing og øyremerkt dei få som har sjansen til å ta ei teologisk utdanning.
Det kan vere vanskeleg for ein person med tilknyting til den lutheranske tradisjonen å forstå verdien av å kunne lese ein religiøs tekst utan å forstå innhaldet. Her er det derimot viktig å forstå koranresiteringa som eit ritual og ikkje som indoktrinering. Den rytmiske og melodiøse lesinga har meir til felles med korsong enn religionsundervisingi. Diasporagruppene har med stor umake vidareført tradisjonen for koranlesing til nye omgivnader. Ein av dei første aktivitetane som kom i gong i dei nye moskeane i Vest-Europa var òg koranskolar for barn.
Koransider. Foto: Grete Huus
Plassen og verdien boka har blir markert på fleire måtar i moskeen. Ho skal oppbevarast høgre enn alle andre bøker. I tyrkiske moskear har dei eit bokskap i brysthøgde inne i sjølve bøneromet sidan boka alltid skal vere i same høgd som hjartet til tilbedarane. I større moskear finns ofte ein vakkert utsmykka lesestol kalla kursi. Ofte blir òg utdrag frå Koranen handmåla med kalligrafiskrift som dekorasjonar i staden for biletkunst.
Koranen er derimot ikkje den einaste teksten som har forma islam. Den lytefrie profeten er eit anna viktig prinsipp for korleis ein muslim skal leve. Spørsmål som ikkje direkte kan finnast svar på i Koranen finn ein ofte løysingar på i måten Mohammed og hans nærmaste levde liva sine og organiserte samfunnet sitt. Mange større moskear er til dømes bygd etter planskildringar av huset til Mohammed som òg var militært hovudkvarter og ein møtestad for bøn. Likeeins finn ein retningslinjer for korleis kvinner skal kle og te seg i skildringar av korleis kvinnene i heimen til Mohammed levde. Noko informasjon om livet til Mohammed finns i Koranen, men mesteparten av denne tradisjonen (sunna) blei lenge overlevert munnleg, for seinare å bli nedteikna i tekstsamlinga Hadith.
Hadith utgjer fleire bind og er skriven av fleire forfattarar. Det finns mange ulike versjonar av Hadith, men seks samlingar blir sett på som truverdige og autentiske av alle dei store lovskolane (sjå nedanfor). Hadith inneheld retningslinjer for alle tenkelege sider ved livet, frå føresegner om korleis ein skal utføre bøna til korleis ein skal pusse tennene. Sjiamuslimane har sin eigen Hadith som òg inkluderer eksemplariske handlingar utført av imamane.
Basert på Koranen og Hadith produserte dei skriftlærde i løpet av mellomalderen Sharia, den islamske lova,. Sharia inneheld eksplisitt lovstoff der ei lang liste aktivitetar blir klassifiserte som anten halal, tillate, eller haram, forbode. Til dømes seier Sharia at muslimar berre skal ete kjøt som er slakta på fastsett måte, og ikkje ete kjøt frå ureine dyr som gris, hund, osv. Det er heller ikkje tillate å nyte alkohol.
Lovene i Sharia inneheld ikkje berre eit fastlagt system for korleis den enkelte skal handle, men òg reglar for korleis samfunnet skal vere organisert på alle nivå, frå familien til regjeringa. I mange land der islam er majoritetsreligionen blir familieretten til Sharia praktisert, medan sekulær lovgiving blir brukt i andre samanhengar. Eitt av kjenneteikna til islamismen, ei fundamentalistisk tilnærming til islam, er ønskjet om å organisere samfunnet i ein islamsk stat, der all lovgiving er i samsvar med Sharia. Det finns berre to statar i verda som kjem nær eit slikt ideal i dag, Iran og Saudi-Arabia.
Den islamske lova har ein viss fleksibilitet ved at det finns fleire lovskolar. Desse fire blir rekna som likeverdige og aksepterer kvarandre innbyrdes. Kva lovskole ein vel å følgje er i prinsippet opp til den enkelte, men for dei fleste er det enklare å velje den lovskolen som er rådande der ein bur enn å setje seg inn i alternativa.