Tjugum kyrkje
Protestantisk kyrkje i Balestrand
Dragsvik, 6899 Balestrand i Sogn og Fjordane
Tjugum kyrkje er ei trekyrkje, bygd i 1863. Arkitekt var Christian Henrik Grosch, og byggmeistar var J. A. Øvsthus. Kyrkja er ei såkalla rundkyrkje med åttekanta skip, og ligg vakkert til med godt utsyn over Esefjorden. Det er 320 sitjeplassar, og den åttekanta forma gjer kyrkjerommet eit lunt preg. Det har tidlegare stått ei kyrkje på same stad, frå ca 1300 – 1600, og ein kopi av alterfrontalen (tavla) frå denne kyrkja heng i noverande kyrkje. Den originale alterfrontalen kan sjåast på Bergen Museum. Ei oblatøskje frå 1799 og ei kyrkjedør frå mellomalderen er på Sogn Folkemuseum.
Tjugum kyrkje høyrer inn under Kyrkjekontoret i Balestrand.
Utside
Utside
Tjugum kyrkje
Altar og altartavle i kordelen av kyrkja. Altaret har kvit alterduk og 2 altarlysestakar i messing frå 1704 og 2 altarlysestakar i sølv frå 1893. På kvar side av altartavla er der dører inn til sakristia. (sakristi: rom for oppbevaring av liturgiske ting, og presten sitt opphalds- og omkledningsrom).
Altartavla er frå 1897 og er måla av Christen Brun med tittel: “Opstandelsen”. Det er ein kopi av Adoph Tidemand sitt bilde “Christi Opstandelse” frå 1871. Motivet er Kristus som stig opp av grava,, og under bildet står innskifta: “Eg er oppstoda og livet!” (Joh 11.24)
Nattverdsutstyr, kalk og disk frå 1676 i sølv. Innskrift på kalken: MTLM.OD.OT.PMHW lod. Anno 1676 udi Hr Jens Bugges Præstembedes 19 år.
Preikestol frå 1863.
Døypefont frå 1863. Dåpsfat i sølvplett.
Alterfrontale, ein kopi frå 1977 laga av Solrun Nes. Den opprinnelege alterfrontalen er frå 1325 og finnast i dag på Bergen museum. Motiv: I midtfeltet tronar Kristus på regnbogen med jorda som fotskammel. På kvar side i midtpartiet er det tre musikarar med kvart sitt instrument. På kvar side av av Jesus ser vi 12 helgenar med kvar sin attributt. Oppe frå venstre: Taddeus (kølle), Bartolomeus (kniv), Peter (nøkkel), Andreas (Andreaskorset), Paulus (Sverd) og Jakob (pilgrimsstav og hatt). Nede frå venstre: Stefanus (Stein), biskop Nikolas av Myra, biskop Walfrid av Yourg, Olav den heilage (rikseple, krune og øks), Laurentius (rist) og Maria Magdalena (salvekrukke).
Kyrkjelyd
Orgelet på galleriet er frå 1905 og har 11 stemmer. Olsen og Jørgensen.