Katolisisme
Nr 1
Eksempel på altarlysestakar
Nr 2
Eit 3-delt ikon med motivet: «Den ømme Guds mor». Ikonograf: Sergiy Kostov frå Ukraina. Maria med barnet er eit av dei vanlegaste ikonmotiva.
Nr 3
Veggkrusifiks.Krusifikset er kanskje det viktigaste symbolet i katolsk kristendom. I kyrkjene er krusifikset plassert bak alteret.
Nr 4
Til venstre ein rosenkrans i svart hermafitstein og til høgre ein forsølva rosenkrans. Ein vanleg måte å bruke kransen på er å be ei «Ave Maria» (Hill deg, Maria) for kvar av kulene som er plassert i sekvensar på ti (dekader), og etterpå avslutte med eit «Ære være Faderen…».
Nr 5
Jomfru Maria er ein sentral skikkelse i kristen tru. I katolske kyrkjer er ein Mariafigur svært ofte plassert til venstre for hovudalteret, og ein kan brenne lys og gå i forbøn hos henne.
Nr 6
Røykelseskar i messing. Brenning av røykelse er eitt av rituala under ei katolsk messe og andre viktige seremoniar. Inne i karet er det ein liten behaldar for glødande kol, og røykelsen blir plassert rett på kolet. Det er strenge rituelle reglar for korleis røykelseskaret skal svingast, og av kven.
Nr 7
Raude og blå telysestakar. Ein tenner lys i den blå framfor Madonna og i den raude framfor Kristus.