Jødedomen og kristendomen
Jesus og den tidlege historia til kyrkja
Forteljinga om Jesus slik ho går fram i Det nye testamentet, er historia om ein ung, jødisk snikkarson frå Galilea, eit område i den nordlege ytterkanten av den romerske provinsen Palestina. Som 30-åring begynte han å bli kjent som profet og ein som gav lækjedom. Bodskapen hans var basert på profetiar i Det gamle testamentet om at ein konge av Davids ætt skulle stå fram som Messias og frelse alle menneske. Jesus hevda å vere denne kongen, og den veksande tilhengjarskaren hans begynte å uroe dei lokale styresmaktene. Etter ei tid reiste Jesus til Jerusalem. Han kom dit i påsketida, då Jerusalem syda av liv og tusenar av jødar valfarta dit for å feire høgtida i templet. Jesus blei rasande då han såg korleis tempelplassen blei brukt som marknad, og utfordra den religiøse leiinga.
Jesus blei til slutt sviken av Judas, ein av hans eigne læresveinar. Under eit siste måltid med dei tolv læresveinane sine fortalde Jesus at dette kom til å hende. Jesus blei utlevert til romarane, og landshovdingen Pontius Pilatus dømde han som opprørar. Straffa var avretting ved krossfesting. Ikkje lenge etter at Jesus var død og gravlagd var det fleire som stod fram og påstod at dei hadde møtt ham i beste velgåande, og då ein undersøkte grava viste den seg å vere tom. Jesus skal òg ha vist seg for læresveinen Peter og gitt han i oppdrag å etablere Kyrkja. ”Kyrkja” blir ikkje berre brukt som namnet på det heilage romet i kristendomen, men òg om det kristne samfunnet og i moderne språkbruk om den religiøse leiinga.
Ein høyrer gjerne at kristendomen oppstod i Midtausten. Det er kanskje rettare å seie at dei mytane kristendomen baserer seg på fann stad i Midtausten, medan kristendomen som religion faktisk oppstod i Romarriket. Miljøet den nye religionen oppstod i var jødisk, men òg hellenistisk. I denne perioden var makta og påverknaden til Romarriket på sitt høgste. Dei romerske keisarane hadde erobra ei rekkje land i og rundt Middelhavsområdet, og frå fjerne provinsar gjekk ein straum av skattar og rikdomar, men òg kunst, kultur, teknologi og religion, inn til Roma. Gresk var eit mykje brukt språk rundt heile Middelhavet, og det var i dei gresktalande, jødiske miljøa kristendomen spreidde seg først.
Den første ”kyrkja” (urkyrkja) var gruppa av læresveinar og tilhengjarar som var att i Jerusalem etter Jesu krossfesting, under leiing av læresveinen Peter. Religiøse idear spreidde seg likevel fort i den hellenistiske verda, som var opne i forhold til nye religiøse idear. Ikkje heilt ulikt vår eiga tid var denne tida prega av gode kommunikasjonssamband på tvers av landegrensene. Jødane var òg på denne tida representert utanfor Israel, og historia om Jesus spreidde seg raskt til dei jødiske samfunna elles i Romarriket.
Slik hadde det seg at ein jøde og romersk borgar med namn Saul gikk over til kristendomen i Damaskus kort tid etter Jesu gravferd, og reiste til Jerusalem for å møte Peter og dei andre læresveinane. Denne mannen er betre kjend som apostelen Paulus, som spelte ei svært sentral rolle under spreiinga av kristendomen. Det oppstod ei konflikt mellom Paulus og Peter over spørsmålet om kven som kunne bli kristen, og kva det eigentleg ville seie å vere kristen. Medan Peter og urkyrkja framleis opplevde seg sjølv som jødar underlagt moselovene, hevda Paulus at Jesu sjølvoffer hadde gjort lova overflødig, og at jødedomen derfor hadde utspelt rolla sii. Jesus var frelsaren av Davids ætt, og han hadde kome for å fullbyrde pakta Moses ein gong hadde tatt imot på Sinaifjellet.
Paulus vann diskusjonen, og det blei etter kvart etablert at kven som helst kunne bli kristen. Menn trengte ikkje å omskjere seg for å akseptere Jesus, ein dåp med vatn var alt som skulle til. Denne første sigeren over Peter var sjølvsagt gunstig for spreiinga av kristendomen, men Paulus gav seg ikkje med dette. Etter å ha møtt Peter og dei andre læresveinane i Jerusalem, la han ut på ei lang misjonsreise vestover mot Romarriket. På reisa etablerte han nye kyrkjelydar og heldt kontakt med dei som allereie var danna. Mykje av denne korrespondansen er teke vare på som Paulusbreva i Det nye testamentet.
Paulus og andre misjonærar må ha mykje av æra for at den tidlege kristendomen vaks seg til ei sterk og levedyktig rørsle berre nokre tiår etter Jesu død. At kristendomen kunne stå på eigne bein så raskt blei avgjerande for korleis framtida skulle bli. Fleire av dei romerske keisarane, som Nero rundt år 64 og Diokletian i år 303-305, forbaud kristendomen og forfølgde dei kristne. Mange vart martyrar. Først på starten av 300-talet blei det slutt på forfølgingane. Keisar Konstantin den store gjekk over til kristendomen og innførde han som statsreligion i heile det romerske riket.
I store møte som blir kalla kyrkjekonsilane blei dei teologiske grunntankane til kristendomen fastlagt: Nikea 325, Konstantinopel 381, Efesos 431 og Khalkedon 451. Striden stod om gudsomgrepet, og om Jesus var Gud, menneske eller begge delar. Resultatet blei til slutt læra om treeininga, trua på at Gud er tre ”personar”: Faderen, Sonen og Den heilage anden, tre og ein på same tid. Mennesket er skapt av faderen, blir forsona med han gjennom sonen (Jesus), og kan seinare møte sin Gud gjennom Den heilage anden. Ikkje alle kunne einast om denne forklaringa. Den første oppsplittinga av kyrkja skjedde over desse spørsmåla under konsilet i Khalkedon, då dei såkalla ”orientalske kyrkjene” skilde seg ut.