Kyrkjerommet
Den første generasjonen av kristne heldt fram å bruke synagoga som staden for sine gudstenester, men etter kvar tok prestane til å legge til rette for eigne heilage rom heime, dei såkalla ”huskyrkjene”. Det kan ha eksistert eigne kyrkjebygg så tidleg som rundt 250 e.Kr., men særleg vanlege blei dei neppe før kristendomen fikk statleg vern under Konstantin den store (306-337). Konstantin let byggje store basilikaer på stader som var sentrale for dei tidlege kristne, som gravstadene til Peter og Paulus i Roma, Jesu fødestad i Betlehem, samt avrettingsstaden og grava hans i Jerusalem. Desse stadene blei rekna som spesielt heilage, og derfor svært eigna stader for å byggje kyrkjer.
Sidan Bibelen ikkje gir noko oppskrift på korleis eit kristent heilagt rom skal sjå ut, lånte ein arkitektoniske element frå samtidige heilage bygningar, særleg synagoga og det romerske templet. Basilikaen var todelt, med eit skip for lekfolket, og eit kor for altaret og presteskapet. Koret med altaret blei plassert på kortveggen motsett av inngangspartiet. Inngangsparti og kor skulle òg orienterast i ein akse frå vest mot aust, slik at kyrkjelyden sat med ansiktet mot aust: Soloppgangen og staden Jesus skal stå opp att. Aust er òg den symbolske retninga mot Jerusalem, på same måte som i synagoga. Disse grunnelementa eksisterer framleis, både i katolske og protestantiske kyrkjer.
Grunnplan av korskirke som viser skip og kor. Wikipedia
Den mest vanlege kyrkjetypen i Norge har vore langkyrkja, med eit langstrakt kyrkjerom med kor i enden som på bildet over. Kyrkjelyden sit på benker i midtskipet under preika. Den bakerste delen av skipet er som regel overbygd med eit galleri, og der står også orgelet som blir brukt under gudstenester og seremoniar. Koret er avsluttinga på kyrkjerommet, og er til vanleg reservert prestar, kyrkjetenarar og musikkutøvarar. Sakristiet (frå middelalderlatin sacristia, som har med heilage ting å gjere) er rommet som ligg i tilknyting til koret, på ei av sidene. Det blir brukt til å oppbevare kyrkjeleg utstyr, samstundes som det er omklednings- og opphaldsrom for presten. Rommet kan også brukast til uoffisielle kyrkjege handlingar.
Alteret i Tjugum kyrkje i Balestrand. Dørene går inn til sakristiet bak. Foto: Kyber
Ein trudde lenge at det jødiske biletforbodet òg blei praktisert i dei første kyrkjene. GT inneheld ei rekkje forbod mot å lage bilete. Dette forbodet blir ikkje avkrefta i NT. Likevel finn vi bilete, scener særleg frå GT men òg NT, i dei første kristne dåp – og gravferdskapella. Bileta skulle vere til støtte for liturgien, og skulle ikkje tilbedast, då dette kunne minne om avgudsdyrkinga som blir skildra i GT. Likevel gjekk det ikkje mange åra før ein tok til med figurative scener òg i kyrkjeromet.
Frå 400-talet raste diskusjonen om kva grad bilete skulle vere tillate i kyrkjeromet, og særleg livleg var debatten i den austlege delen av Romarriket. Motstanderane brukte mykje dei same argumenta som finns i GT, medan tilhengjarane meinte at Gud hadde gitt seg sjølv eit bilete gjennom Jesus. Ikon som var utført på ein særskilt måte og viste visse motiv, som til dømes Jesus eller helgenane, blei heilage på ein spesiell måte. Dermed kunne ein òg rette bønene sine til dei.
Fram til høgmellomalderen var austveggen gjerne pryda med eit maleri av Jesus som konge og Gud, slik han skal vende tilbake for å frelse menneskja. I løpet av 1100-talet begynte dette å endre seg. I staden for den gjenoppståtte Jesus blir det vanlegare med bilete av Jesus som barn eller Jesus på krossen. Denne endringa gjenspeglar ei endring i teologien, sidan fokuset på Jesus som Gud var i ferd med å skifte til eit fokus på Jesus som menneske. Katolikkane legg større vekt på ritual enn protestantane, og i katolske kyrkjer er det gjerne ein større samanheng mellom arkitektur/utsmykking og liturgi.
Eit særtrekk ved kyrkjene er kyrkjespiret eller tårnet. Kyrkjeklokker kom i bruk allereie på 400 – 500-talet for å kalle folk saman til gudsteneste. Vindauga er ofte i mangefarga glasmosaikk, det er vanleg med måleri eller tekstilar på veggane, og taket kan òg ha ulike typar ornamentikk.
Altartavle. Johanneskirken i Bergen. Foto: Kyber
Av kyrkjekunst inne er gjerne altartavla som heng bak altaret, døypefontar og preikestolar dei mest dekorerte. I staden for altartavle er det ganske vanleg å ha ein kross/ den krossfeste Jesus. Nye kyrkjer har følgd utviklinga i moderne arkitektur, og har fått nye og spennande utformingar. I protestantiske land er gjerne dei nye kyrkjene bygd som arbeidskyrkjer, og det sakrale vert då prioritert ned til fordel for fleirbruk og funksjonalitet.
Døypefonten i Johanneskirken i Bergen. Foto: Kyber
Skiljet mellom det heilage og det profane rommet blir markert av kyrkjetrappa og ei stor, open dør. Av reinskingsrituala som tidligare blei utførde når ein gjekk inn i kyrkja er det få som framleis er relevante, særleg i protestantiske kyrkjer. Inngangspartiet i ei kyrkje blir framleis kalla ”våpenhuset”, fordi ein måtte setje frå seg våpna før ein gjekk inn i Guds hus. Vidare skal ein kle seg pent og sømeleg før ein går inn i kyrkja. I katolske kyrkjer står ei lita skål med vigsla vatn ved inngangsdøra som dei besøkande dyppar fingrane i, for så gjere krossteiknet, før dei finn plassen sin i kyrkja. Ein annan katolsk tradisjon som er interessant i vår samanheng, er at menn skal ta av seg lua eller hatten før ein går inn i ei kyrkje.
Dette med hovudplagg er sentralt når ein skal inn i mange typar heilage rom. Vanligast er det likevel at både kvinner og menn anten dekkjer hovudet, som muslimar og sikhar, eller blottlegg det, som buddhistane.