Reformasjonen
– og ulikskapen på katolisisme og protestantisme
Protestantismen er eigentleg eit fellesnamn på ei rekkje misnøgde grupper som braut ut av Den romersk-katolske kyrkja under reformasjonen på 1500-tallet. Baptistar, kalvinistar, lutheranarar og anglikanarar er blant dei mest kjente etterkomarane av desse gruppene. Kyrkja hadde vakse seg svært mektig i løpet av høgmellomalderen, og ifølgje fleire reformteologar blei makta misbrukt av paven og dei geistlege. At slike kritikarar gjerne blei brende på bålet, gjorde ikkje saka betre. Martin Luther (1483-1546) var ein tysk teolog og munk. Han har fått æra for å ha sett i gang reformasjonen, og er òg far til den konfesjonen ein praktiserer i Skandinavia i dag: Lutheranismen.
Luther hadde i lengre tid bygd opp ein avsmak for det han opplevde som maktarroganse hos dei geistlege. Det som til slutt fekk begeret til å renne over var den såkalla avlatshandelen som gjekk føre seg på byrjinga av 1500-talet. Avlatshandel var eit system paven hadde sett i gang for å finansiere ferdigstillinga av Peterskyrkja i Roma. Systemet var basert på den kristne læra om skuld og bot, og gjekk kort ut på at delar av den tradisjonelle botsutøvinga kunne erstattast med ei avgift betalt til kyrkja. Den 31. oktober 1517 slo Luther opp 95 tesar mot avlatshandelen på kyrkjedøra i Wittenberg, og med dette var striden i gang. Kyrkja svarte med å bannlyse Luther, og Luther kontra med å brenne erklæringa frå Roma offentleg. I mellomtida hadde Luther fått publisert reformteologien sin i ei rekkje pamflettar og skrifter som ved hjelp av den nyoppdaga boktrykkekunsten spreidde seg som eld i tørt gras over heile Europa.
Kjernen i teologien til Luther var at trua i seg sjølv var nok til å oppnå frelse, og at dette var ei sak mellom den som trur og Gud. Strengt teke trengde ikkje den truande noko anna rettleiing enn den han kunne finne i Bibelen, gitt at han kunne lese språket han var skriven på. Ein direkte konsekvens av dette var at ein begynte å omsetje Bibelen til nasjonalspråka, medan den tidligare berre fanst på latin. Innan den nye teologien blei rolla til presteskapet tona betrakteleg ned. Luther sløyfa òg fem av dei i alt sju katolske sakramenta, det vil seie heilage handlingar som berre prestar kan utføre. Dei sju sakramenta i katolisismen er dåp, konfirmasjon, nattverd, salving av sjuke, bryllaup, presteordinasjon og skriftemål. Protestantane utfører òg dei fleste av desse handlingane, men berre dåp og nattverd har status som sakrament. Som i den ortodokse kyrkja blei presteskapet underlagt dei verdslege leiarane, og Luther gjekk òg bort frå kravet om sølibat for prestar. Prestane mista med andre ord den overmenneskelege posisjonen sin, og skulle i staden vere medmenneskelege rettleiarar.
Likskap for Gud var altså eit viktig prinsipp. Reformatorane gjekk òg til åtak på eit anna ledd mellom menneske og Gud: Helgenane. Helgendyrkinga hadde bakgrunnen sin frå etterfølginga av dei kristne i Romerriket før Konstantin den store kom til makta. Kristne som hadde mista livet på grunn av kristentrua, fekk status som martyrar, og ein kult oppstod rundt gravene til desse første helgenane. Ifølgje reformatorane var helgendyrkinga ei overtru som grensa mot polyteisme, og heilt unødvendig i den nye læra. Innan den katolske og den ortodokse kyrkja står helgenkulten framleis sterkt. Helgenane blir rekna som gode kristne førebilete, og ein kan òg be til dei om å gå i forbøn for seg sjølv eller andre. Forbøn tyder at ein ber til helgenane fungerer som eit bindeledd mellom menneske og Gud. Moderne katolisisme skil likevel skarpt mellom dei heidersteikna (veneratio) helgenane kan ta imot, og den tilbedinga (adoratio) som tilkjem Gud åleine. Dei viktigaste helgenane er Maria møy og apostlane, Jesu læresveinar.
3-delt ikon med motiv: ”Den ømme Guds mor”. Ikonograf: Sergiy Kostov, Ukraina. Foto: Grete Huus
Medan Den romersk-katolske kyrkja var den rådande her til lands, blei fleire nordmenn kåra som helgenar. Olav den heilage, St. Sunniva og St. Hallvard er tre av dei. Fleire moderne katolske kyrkjelydar i Noreg er oppkalla etter desse helgenane.
Reformasjonen innebar ein sterk kritikk av den katolske tradisjonen, ein kritikk som katolikkane naturligvis ikkje kunne unngå å ta omsyn til. Luther hadde vore kompromisslaus, og såpass sterk lut måtte kanskje til for å rokke ved autoriteten til kyrkja på denne tida. Men i tiåra etter reformasjonen tok katolikkane sjølv tak i problema som hadde utløyst kritikken, og under Trientkonsilet (1545-1563) kom ein fram til ei klårare framstilling av læra og fastare strukturar i organisasjonen. Avlatshandelen blei avskaffa, Kyrkja blei organisert meir straumlinjeforma og med ei sterkare sentralstyring. Ein ønska ein slutt på all ”misbruk og kyrkjeleg slendrian”. Læra blei gjort tydelegare, men her var det avgrensing mot dei reformerte kyrkjene snarare enn forsoning som var dominerande. Desse presiseringane blei så trykt opp i ei katekisme som har vore ein viktig faktor for utviklinga av katolisismen etter reformasjonen.
Katolikkane gjekk til motåtak på påstanden til Luther om at ”skrifta åleine” var alt ein kristen trengte for å oppnå frelse. Dei heldt fast ved tradisjonen: Helgendyrking, autoriteten til presteskapet og verdien til sakramenta. Faktisk blei vektlegginga av desse elementa endå viktigare i tida etter reformasjonen, nettopp for å markere ulikskapen til dei reformerte kyrkjene. Til dømes blir det første hundreåret etter Trientkonsilet kalla tidsalderen til helgenane, fordi det kom til så mange nye helgenar. Det blei òg blese nytt liv i de katolske ordenane, og jesuittane segla opp som det leiande ordenssamfunnet i Kyrkja. Med dei følgde òg ei kraftig opptrapping av misjonsverksemda.
Åndslivet i Europa i høgmellomalderen var prega av religiøs kreativitet og bløming, både innanfor og utanfor kyrkja. Krossferdene og inkvisisjonen er døme på konfliktfylte uttrykk for religiøsiteten i samtida. Begge var blodige, kortvarige og mislykka. Dei mange munkeordenane som blei danna i perioden kan seiast å vere det stikk motsette. Særleg dominikanarane og fransiskanarane (etter Frans av Assisi), som begge blei grunnlagt på byrjinga av 1200-talet, gjorde mykje godt for samtida si, og eksisterer framleis i dag. Begge ordenane tok avstand frå klosterlivet, og oppfordra heller munkane sine å utføre ”religiøst arbeid” i samfunnet, særleg i byane. Dei skulle leve nøysamt, preike for folket og gjere gode gjerningar.