Ritual
Som jødane bruker dei kristne ordet liturgi om rituala og dei kultiske handlingane sine. Messa eller gudstenesta er det sentrale elementet i den kristne liturgien. Ho er sett saman av ei rekkje element som skal utførast i ei særskilt rekkjefølgje, som opplesing av bestemte tekstar, salmesong, bøn og preike. Messe/gudsteneste blir òg halde ved høgtidsfeiringar og overgangsriter, dvs. religiøse feiringar som markerer overgangen frå eit stadium av livet til det neste, som dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd.
Sakramenta er dei heilage handlingane i kyrkja og det synlege middelet for å vise fellesskapen mellom Gud og menneska, og som skal styrke bandet mellom dei. Dei sju sakramenta i katolisismen er dåp, konfirmasjon, nattverd, salving av sjuke, bryllaup, presteordinasjon og skriftemål. Protestantane utfører òg dei fleste av desse handlingane, men berre dåp og nattverd har status som sakrament. Under nattverdsritualet deler presten ut usyra brød og altarvin til alle som ønskjer å kome fram og ta imot nattverdsmåltidet.
Delar av nattverdssett. Foto: Grete Huus
Katolikkane opplever nattverda som eit offermåltid, ei slags påminning og gjentaking av at Jesus ofra seg sjølv for menneskja. Brødet blir opplevt som Jesu lekam, og vinen som blodet hans. For protestantane er nattverdselementa heller eit teikn på Jesu lekam og blod, og fellesskapstanken står sterkt – dei som deler nattverda høyrer saman i fellesskap med Gud.
(Red.merk: desse tre første avsnitta er endra ut frå den opphavlege teksten til forfattaren)
Det er to høgtidsfeiringar som dominerer det liturgiske året: Jul og påske. Jula er feiringa av Jesu fødselsdag, og blir halden den 25. desember i dei vestlege kristendomsformene. Jula slik den blir feira i Europa inneheld likevel ei rekkje element av ikkje-kristen karakter. Grunnen er at julefeiringa opphavleg blei lagt til den 25. desember for å utkonkurrere romerske og germanske solfestar på same tid av året. Juletreet er eit eksempel på eit germansk innslag i julefeiringa, medan stjerna i toppen er eit kristent element. Elles har julefeiringa i stor grad lausrive frå det religiøse opphavet, og har meir blitt ein kulturell og kommersiell fest som òg mange ikkje-kristne feirar. I Noreg feirar ein hovudsakleg jula på julaftan, på kvelden den 24. desember, men dei påfølgjande 1. og 2. juledag er òg helgedagar. Dei kristne går til julemesse i kyrkja på ettermiddagen. Deretter går ein heim og har julemiddag med familien. Det har òg blitt ein tradisjon for mange å tenke ekstra på dei døde slektningane sine julaftan, med lyssetting og pynting av gravene.
Påskefeiringa blir bestemt av månekalenderen, og blir feira i mars eller april. Påska er ei markering av Jesu liding, død og oppstode, og er derfor den viktigaste høgtida i kristendomen. Påska fell saman med pesah hos jødane, fordi Jesus blei avretta like før denne høgtida. Påska startar eigentleg på ein torsdag, skjærtorsdag, då Jesus heldt det siste måltidet saman med læresveinane sine og innstifta nattverda. Langfredag markerer krossfestinga og gravferda, medan søndagen, påskemorgon, er dagen han stod opp frå dei døde. Katolikkane feirar tre dagar til ende, med nattmessa natt til påskemorgon som høgdepunktet. Pinsa blir feira 50 dagar etter påskeaftan, og skal minne om korleis Den heilage anden kom tilbake til læresveinane og inspirerte dei til å grunnleggje kyrkja. Pinsa har òg eit jødisk motstykke i shavoutfesten. I tillegg blir ei rekkje mindre høgtidsdagar feira, og katolikkar har i tillegg ei rekkje helgenfestar gjennom året. Dei viktigaste av desse er mariafestane, særleg Maria bodskapsdag 25. mars og Maria himmelferd 15. august.