Johanneskyrkja
Protestantisk kyrkje i Bergen
Johanneskyrkja i Bergen er ei korskyrkje bygd i perioden 1888 – 1894, og ligg på Nygårdshøyden i Bergen. Korsarmane utgjer sideskip og sidegalleri. Den er bygd i raud, glasert murstein i nygotisk stil. Sjølve sokkelen er i granitt. Johanneskyrkja er den største kyrkja i Bergen med sitteplass til 1250 personar, og er også det høgste bygget med eit tårn som strekk seg 61 meter over bakken. Kyrkja vart teikna av arkitekt Herman Major Backer,og sorterer under Bjørgvin Bispedømme.
Kor
Kyrkjelyd
Alter med krusifiks og altertavlemotiv: “Kristus i bønn” (Mark. 1,5) signert av Marcus Grønvold i 1894.
Tak
Preikestol
Døypefont i sandstein frå 1894 av AFW von Hanno.
Bibel med gotisk skrift frå 1588.