St Paul
Katolsk kyrkje i Bergen
Nygårdsgaten 3, 5015 Bergen
Noreg fikk ny dissenterlov i 1845 som gjorde katolsk verksemd lovleg i heile landet. I Bergen fanns det ei lita gruppe katolikkar, og i 1854 fekk pater Stub i Christiania høyre at den katolske kyrkjelyden i Bergen berre hadde eit lite kapell å vere i. Dette ønskte han å gjere noko med, og fekk kjøpt tomt i Bergen for både kyrkje og prestegard. Kirken vart bygd i åra 1864 – 1876, og er teikna av Stub sin ven, italienske grev Mella frå Vercelli. Fundamentet er av naturstein frå Bergen, dei antikke søylene er laga i Danmark. Golvet i kyrkja er av norske sementfliser, i to fargar. Heile anlegget med kyrkje og prestegard med hage kosta 300 000 kroner, og pengane vart for det meste innsamla frå utlandet i løpet av tida kyrkja vart bygd. Kirka sorterer under Oslo katolske bispedømme.
Link: www.katolsk.no
Kor
Nytt krusifiks frå 1991, det er heile 2,80 x 2,10 meter, og utført av ikonmålaren Solrunn Nes. Krusifikset heng på ein dominerande plass i koret. Kristus på korset ser mildt på deg, og er til stades, sjølv om blodet strøymer frå såret i sida hans og dryp ned i kalken til Maria på venstre sida. Motivet knytter krusifikset til det som skjer under messa på alteret, nemlig at brød og vin blir til Herrens legeme og blod ved at Jesus døydde på korset. På høgre side står apostelen Johannes.
I tabernaklet blir det konsekrerte nattverdsbrødet oppbevart. Brødet er delt i bitar kalla hostier (oblatar). I den katolske kyrkja meiner ein at brødet ved velsigninga gjennomgår ein permanent transformasjon til Kristi legeme (konsekrasjon), og difor blir brødet handsama med stor respekt. Så lenge det er oppbevart konsekrerte hostier i tabernaklet, er det tend ei raud lampe utanfor.
Alterfrontal som viser Kristus «i majestet» (Majestas Domin) flankert av apostlane Peter og Paulius.
Kyrkjelyd
Skriftestol. Eit innelukka rom delt med ein skiljevegg eller forheng. I den katolske kyrkja kan ein avlegge skriftemål (konfesjon), som betyr at ein person kan erkjenne overfor presten i kyrkja å ha utført forskjellige synder. Presten pålegg personen (syndaren) til å utføre ei antal bøner for å oppnå syndsforlating overfor Gud. Den som skrifter og presten som mottek skriftemålet (skriftefaren), snakkar til kvarandre gjennom forhenget, men kan ikkje sjå kvarandre.
Kyrkjerommet frå orgelgalleriet
Til høgre: Kristus som held kalken. Dette peikar mot nattverdsmåltidet.
Til venstre: Melkisedek, som i fylgje Det Gamle Testamentet var konge i Salem (Jerusalem) på Abrahams tid. Han bar fram vin og brød, og velsigna Abraham. Han foregreip såleis offerelementa i nattverdspakta, og varsla om det som skulle bli oppfylt i Det Nye Testamentet.
DNT seier at Jesus skal vere prest «på Melkisedeks vis». (Heb. 7:13-17)
Motiva på krusifikset i kyrkja og del to glasmåleria heng saman, og utfyller kvarandre.