St Olav
Anglikansk kyrkje i Balestrand
St. Olavs kyrkje i Balestrand, 6899 Balestrand i Sogn og Fjordane
Kyrkja vart bygd i 1897 som ein etterlikning av ei stavkyrkje. Arkitekt var Jens Zetlitz Kielland, og altertavla frå 1897 er måla av Emma Pastor Normann. Kyrkja er vigsla til Heilag-Olav.
Den som hadde ideen til kyrkja var ein engelsk tindeklatrar, Margaret Sophia Green som kom til Noreg i 1886. Ho var visstnok den andre kvinnelege klatrar som nådde Romsdalshorn, og var også svært fascinert av gamle stavkyrkjer. I 1890 vart ho gift med hotelleigar Knut Kvikne, og fekk etter kvart eit inderlig ynskje om å få bygd ei kyrkje for engelske turistar som kom til Balestrand. Hun vart i mellomtida sjuk og døydde av tuberkulose i 1894, men før hun døydde fekk ho ektemannen til å love og bygge ei engelsk kyrkje i Balestrand. Dette fekk han gjort ved økonomisk hjelp av to velståande amerikanske kvinner.
Dette er ei anglikansk kyrkje som sorterer under biskopen av Gibraltar. Biskopen bur i London, men har ansvaret for alle anglikanske kyrkjer som er i utlandet. Kvar sommar kjem anglikanske prestar frå England for å preike i kyrkja for to veker i slengen mot eit gratis opphald på Kviknes hotell.
Fleire opplysningar om St Olafs kyrkje i Balestrand kan du finne her (Wikipedia) og i boka: ”På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane”, bind 2 Sogn. Selja Forlag.
Kor
Alteret med grøn alterduk og 2 alterlysestakar i messing, truleg frå 1897. Altarkors i messing, truleg frå same år. Glasmåleria på veggen over viser ulike helgenar. Til venstre for alteret: Fane med bilde av Heilag-Olav.
Altertavla er frå 1897. Den er måla av Emma Pastor Normann og motivet er den oppstadne Kristus. Han står fram som den sigrande Jesus frå den andre sida. Han er den same som då han var på jorda, men samstundes utanfor tid og rom. Han gjer seg her nærverande og møter kyrkjelyden sin.
Kyrkjelyd
Kyrkjelyd
Kyrkjelyd
Tak