Filosofien
Hinduismen blir ofte skildra som ein praktisk religion, der religiøsitet blir uttrykt gjennom handling. Forklaringane bak handlingane har mindre vekt. Dette kan vere vanskeleg å forstå for nordmenn, sidan protestantisk kristendom er svært opptatt av tru og trusinnhald. Den manglande interessa for trusinnhaldet blant hinduar flest skuldast likevel ikkje mangel på religiøse idear. Dei gamle tekstane inneheld ikkje berre skildringar av gudar og ritual, men òg eit komplisert filosofisk system.
Vi skal ikkje gå for djupt inn i dette her, men dei mest sentrale omgrepa omkring kosmologi og menneskesyn krev ei forklaring:
Dharma er den naturlege orden hinduane opplever at eksisterer i verda, både i naturen og i samfunnet. Denne ”ordenen” er ikkje tilfeldig, men blei skapt av skaparguden. I tillegg til å forklare det lovmessige i naturen inkluderer dharma lover og reglar for korleis menneska bør leve og handle. Ikkje-vald er ein slik regel, ein skal ikkje drepe verken menneske eller dyr, og vegetarianismen er ein konsekvens av denne regelen. Kastesystemet og reglar for kva som er rituelt reint og ureint er òg del av dharma.
Kastesystemet er ei organisering av samfunnet i eit sosialt hierarki der kvart menneske har fått tildelt sin plass. Dei same reglane gjeld ikkje for alle. Til dømes finns det ei eiga krigarkaste som er friteken frå regelen om ikkje-vald.
Brahman og atman er omgrep som opphavleg kjem frå Upanishadane. I vedaene blir brahman skildra som den aktive krafta i offeret. Seinare har omgrepet blitt utvida til å bli ein slags guddommeleg essens som gjennomsyrer hele verda. Denne krafta blir personifisert i skaparguden Brahma. Brahman finns overalt, òg i menneska. Den guddommelege gnisten i menneske blir kalla atman. Atman er av same natur som brahman. Han er fanga i den materielle kroppen, og kan berre opplevast av mennesket gjennom stort slit og åndeleg utvikling.
Karma kjem av sanskritordet karman, som tyder rituell handling. Karma slik det blir brukt i dag er ein slags samla verdi av alle handlingane til mennesket. Gode handlingar som er i samsvar med dharma gir god karma, medan dårlege handlingar som strir mot dharma gir dårleg karma. Den karma ein sitter att med ved slutten på livet blir avgjerande for korleis ein blir gjenfødd i det neste liv. Alle livsformer på jorda er ordna i eit hierarki, eit slags utvida kastesystem. Ein kan kome høgare eller lågare på rangstigen i det neste livet, avhengig av om ein har handla rett eller galt i dette. Har ein levd eit dårleg liv kan ein risikere å bli gjenfødd som eit dyr eller i verste fall hamne i helvete. Har ein handla godt kan ein bli gjenfødd som eit menneske i ei høgre kaste, eller kome til himmelen.
Samsara og moksha: Samsara er namnet på denne kjeda av reinkarnasjonar som kvart levande vesen må lide seg gjennom. Det materielle tilveret blir forstått som liding, der alt handlar om å dekkje dei grunnleggjande behova til kroppen. Lysta er rota til alt vondt innan denne tankegangen. Målet med kvart einaste liv er å kjempe mot lysta. Berre slik kan ein sakte men sikkert flytte seg oppover kjeda av livsformer, inntil ein til slutt når det endelege målet, som er å bryte ut av samsara og sleppe å bli fødd igjen. Det kan verke som om hinduismen har eit ganske pessimistisk syn på det jordiske livet. Logikken i det er at livet er samansett av gleder etterfølgd av sorger, og at den jordiske lykkekjensla aldri varer. Jordisk lykke er ein illusjon sidan ho er knytt til tilfredsstillinga av kropslege lyster gjennom handling. Handling skal skje ut frå pliktene knytt til kasta ein tilhøyrer, ikkje av lysta på fruktene handlinga gir. Gjennom disiplinering av handlingane og erkjenningsevna kan ein frigjere seg frå lysta og oppnå kunnskap av det guddommelege sjølvet (atman). Når lysta tek slutt oppnår ein frelse (moksha). Moksha inneber at atman blir frigjort frå fengselet i den materielle kroppen og blir sameina med opphavet sitt, brahman. I denne tilstanden er både lidinga og lysta borte, og ein kan endeleg oppnå varig lykke.
Det finns fleire vegar til frelse. Bhaktiane fordrar ein djup og lydig kjærleik til guden i ein av manifestasjonane hans eller hennar, gjerne uttrykt gjennom audmjuk underkasting og sjølvoffer der ein påfører seg smerte. Asketane har streng disiplin mot kroppen, og prøver å ta kontroll over kroppsfunksjonane ved å nekte seg sjølv mat, drikke, sex, med meir. Samkhya fordrar erkjenningsdisiplin, gjerne i kombinasjon med yoga, ei slags praktisk realisering av samkhya -filosofien som inkluderer ein åttedelt religiøs disiplin. I vesten kjenner vi best til den tredje av desse, som er ”stillingar og øvingar med kroppen”. Men yogasystemet inneheld mykje meir enn dette, mellom anna moralsk framferd, askese, fokus på Gud og kontroll av pusten. Dei tre siste av dei åtte stadia handlar om indre konsentrasjon og meditasjon, der kontakten med den materielle verda er kutta.