Tempelkulten og gudebileta
For dei fleste er tempelkulten eit slags frivillig tillegg til den meir vanlege kulten i heimen der dei fleste rituala blir utført. Dei store festivalane blir naturligvis feira i templa, men dei blir òg feira i heimane. Templa har inga fast forsamling, og besøkande i templet er meir tilskodarar enn deltakarar i rituala.
Guden Rama med kona Sita og broren Lakshman. Den vesle statua framme til venstre representerer apeguden Hanuman. Frå det tamilske templet Bergen Hindu Sabha. Foto: Grete Huus.
I sentrum for kulten står gudebileta, vakre statuar av gudane som blir tatt vare på som om dei var levande. Kulten blir utført av prestar organisert i ein rangorden som fungerer som tenarar for guden. Oppvartingsrituala (Puja) minner myke om korleis ein konge blir oppvarta i eit palass. Dagen startar med at guden (gudebiletet) blir vekt med vakker musikk, og deretter bada og kledd opp før det første offermåltidet (frukosten til guden) blir sett fram. Kar med røykjelse, lampar, blomar og dekorasjonar omgir guden. Vidare tek guden imot ”audiensar” (folk som kjem fram med bøner og hyllingar), og blir underhalden med dans og song. I tempel der det erotiske aspektet ved guddomen er framheva, ”søv” guden saman med den mytologiske kona si om natta.
Som regel finns det ein hovudgud (eller gudinne) i templet omgitt av familien sin, ulike inkarnasjonar (avatarar) og ridedyret sitt. Hinduane tilber eigentleg ikkje statuane, men gudane som har tatt bustad i dei. Gjennom eit vigselssritual kan presten ”opne” statuen og invitere guden til å leggje noko av krafta si (sakti) i han. Han kan òg flytte den guddommelege krafta over i eit anna medium, til dømes dersom ein skal utføre reparasjonar eller vedlikehald på statuane.
Frå det tamilske hindutempelet på Ammerud under sommerfestivalen i 2006. Foto: Anders Bettum, Oslo Museum, Interkulturelt museum.
Eit hindutempel er ein viktig del av samfunnsstrukturen og økonomien i India og på Sri Lanka. Dei største templa har fleire hundre menneske tilsett i administrasjonen, som prestar eller som tempeltenarar. Prestane kan leigast til privat kult, anten i heimen eller i templet. Prestane får ikkje betalt for den offisielle kulten i templet, men kultisk røynsle gir rettar til å utføre privat kult, som er levebrødet til presten. Det å arrangere store ritual i lokalsamfunnet gir status, og den veksande økonomien til mellomklassa har òg gitt ein vekst (og til dels omforming) av spesielt prestisjefylte ritual i dei større templa i Sør-India. Presteyrket er knytt til familie og kaste, og er derfor ein posisjon som lett kan gå i arv. Statusen til den enkelte presten er vidare avhengig av kor grundig utdanna han er i dei klassiske tekstane. Det å vere fødd inn i ei brahminfamilie er ikkje nok for å kunne praktisere som prest. I tillegg må ein gjennom ei grundig skolering i dei gamle sanskrittekstane. Templet har viktige funksjonar òg for andre grupper i lokalsamfunnet. Nokre stader får dei fattige tildelt maten frå offerborda til gudane etter at gudane har teke ”essensen” ut av han. Til dømes finns det eit ritual i Sør-India der lingaen, ein fallosstatue knytt til Shivakulten, blir ”bada” i enorme mengder kokt ris. Etter at prestane er ferdige med ritualet, blir risen delt ut til dei fattige.
Grunnrisset i eit hindutempel er det same overalt. Tempelområdet er kvadratisk, og skal representere offerplassen der urvesenet Purusa ofra seg sjølv og dermed sette i gong skapinga. Samtidig representerer kvadratet dei fire ”verdshjørna” og fungerer symbolsk som eit mikrokosmos der guden er midtpunktet. Hovudveggen skal peike mot vest, slik at gudane som sitt ved han ser mot soloppgongen i aust. Templet skal helst ha tre eller fem inngangar, avhengig av storleiken på templet.