Læra til Buddha
Buddhismen og hinduismen kan sjå svært like ut for utanforståande, med mange felles omgrep og idear. Dette er ikkje så rart, sidan dei to religionane oppstod i same land under liknande kulturelle føresetnader. Fleire stader, som i Nepal og på Sri Lanka, har dessutan dei to religionane levd side om side i hundrevis av år og påverka kvarandre. Det var ariske innvandrarar som tok med seg Vedaene til India omkring 1500 – 1000 f.Kr. Møtet mellom Vedaene og lokale religiøse førestillingar gav fruktbar grobotn for religiøs tenking, ein prosess som førte til danninga av ei rekkje nye religiøse system.
Basert på eigne røynsler braut Buddha likevel med det rådande synet på korleis frelse, eller oppvakning (Nirvana) kunne nåast. Han tilla òg omgrepa dharma og karma nytt innhald. Dharma-omgrepet blei no identisk med Buddhas lære, kunnskapen om den sanne eksistensen, som samtidig var vegen til frelse. For Buddha har alle menneske dei same føresetnadene for å oppnå frelse. Kva handlingar som gav god karma var ikkje lenger relativt i forhold til kva kaste ein tilhøyrde, og gode og dårlege handlingar var dei same for alle menneske.
Første steg på vegen var å gå god for dei fire høgverdige sanningane:
- Alt er liding
- Attrå er opphavet til lidinga
- Det finns eit Nirvana, ein ende på lidinga
- Ein veg, gitt av Buddha, leier til Nirvana
Deretter rår Buddha alle å halde seg til den åttedelte vegen:
- Rett innsikt
- Rett tanke
- Rett tale
- Rett handling
- Rett levemåte
- Rett slit
- Rett ettertanke
- Rett konsentrasjon
Alle åtte handlar om etikk, meditasjon og innsikt.
Sentralt i læra står ideen om at alt er forgjengeleg, òg menneskesjela. Kanskje den største ulikskapen mellom hinduismen og buddhismen er at Buddha forkasta synet hinduismen hadde om Braman og Atman, og hevda at ingenting eksisterte utanfor samsara. Mennesket har inga sjel, berre tomrom eller ”ikkje-sjel”, anatman. Alt som eksisterer er bunde av attrå og samsara, og målet er rett og slett å slutte å eksistere. Ein kan spørje seg kva det er i mennesket som går vidare frå eit liv til det neste dersom det ikkje finns noko udødeleg sjel. Buddha forklarte dette ved å hevde at alle levande vesen er samansett av grupper av fem element kalla skandhaer. Dei fem skandaene er: Materie, kjensle, oppfatting, intensjon og medvit. Kombinasjonen av element er unik for kvart individ. Som ein del av maskineriet i samsara blir den unike kombinasjonen av skandhaer splitta opp når mennesket dør, for å samlast igjen når det same individet blir gjenfødd. ”Sjølvet” eller ”sjela” er berre ein illusjon, og ingenting meir enn dei forgjengelege byggesteinane sine.
I opposisjon til dei to rådande formene for religiøst liv, asketen og braminen, introduserte Buddha en mellomveg. Han hevda at asketismen var driven av ei attrå etter frelse, uttrykt gjennom ei ikkje unødvendig sjølvplaging. Munkane til Buddha skulle leve enkelt, men utan å lide noko naud. Mot braminane hevda Buddha at alle menneske hadde same sjansen for å nå oppvakning. Vegen å gå for å nå dette målet var gjennom meditasjon og sjølvgransking, og ikkje gjennom overdådige offerritual utført av eit eksklusivt presteskap. Nirvana, som var omgrepet Buddha brukte om frelse, betyr ”å blåse ut”. I dette ligg tanken om at ein skal blåse ut ”attråflammen”, men kanskje var det òg retta mot offerelden til braminane.
Ein annan viktig ulikskap mellom hinduismen og buddhismen er synet på gudane. Dei hinduiske gudane er av ein annan natur enn menneskja. I siste instans er dei alle manifestasjonar av Braman, den skapande krafta som finns i alt men som likevel står utanfor samsara. Buddha nekta ikkje for eksistensen til gudane, men hevda at dei òg var del av samsara, og av same natur som alle andre levande vesen. Gudane hadde berre kome langt på vegen mot Nirvana, men ikkje så langt som Buddha sjølv, som er læremeister for både gudar og menneske. Han heldt likevel sjansen open for at gudane kunne vere til hjelp for menneska i dette livet. I mange buddhistiske land blir det praktisert ein forfedrekult i buddhisttempla, noko som kan virke paradoksalt. Likevel er dette ei logisk følgje av gudelæra til Buddha. Menneske som har utmerka seg gjennom gode gjerningar i det jordiske livet sitt kan forvente å bli gjenfødd i eit betre tilvere, for eksempel som ein gud i ein av dei seks himlane. Nasjonale heltar og buddhistiske patriarkar kan derfor bli tilbedne som gudar.
På forfedrane sitt alter blir det ofra for avlidne slektningar, tidlegare munkar i klosteret og heltar frå buddhismen og Vietnam si historie. Frå Khuong Viet tempelet. Foto: Anders Bettum, Oslo museum, Interkulturelt museum.
Buddha presenterte læra si som ei avsløring av evige sanningar, sanningar han hadde fått innsikt i gjennom sjølv å ha oppnådd Nirvana. Med ein slik absolutt autoritet til grunn for læra si, skulle ein tro at buddhismen var lite tolerant ovanfor andre syn og levemåtar. Dette er likevel ikkje tilfelle. Målet til Buddha var å nå Nirvana. I alle andre spørsmål heldt han seg til ein middelveg, og unngjekk ekstreme påbod eller forbod. Store filosofiske spørsmål som ikkje hadde direkte relevans for frelsa nekta han rett og slett å diskutere. Buddha var òg svært pragmatisk i måten han presenterte læra si, og hevda at ho var eit middel til å nå eit mål, og ikkje eit mål i seg sjølv. Han la òg vekt på at alt er prosess og i evig endring, òg den buddhistiske læra. Dermed ligg det ein stor fleksibilitet i buddhismen med rom for diskusjon, nytolking og alternative tenkemåtar.