Buddhisme i Noreg
I dag fungerer Buddhistforbundet som ein paraplyorganisasjon for ei rekkje ulike buddhistiske einingar med ulik etnisk og ideologisk bakgrunn. I 2006 var det 9934 registrerte buddhistar i Noreg, eit tal som er meir enn tredobla sidan 1990. Dei største gruppene er innvandrarar frå Vietnam og Thailand.
Khuong Viet – templet på Lørenskog tilhøyrer Det vietnamesiske buddhistsamfunn og stod ferdig i 1999. Foto: Rune Aakvik / Oslo museum, Bymuseet.
Buddhismen i Noreg er i vekst, og har dei siste åra fått internasjonal merksemd. Spesielt synleg har dette blitt gjennom at Dalai Lamas fleire gongar har kome på noregsbesøk etter at han mottok Nobels fredspris i 1989, og buddhisttemplet Khuong Viet på Lørenskog tok imot ein Buddha-relikvie i 2001.
Drakestatue i hagen til Khuong Viet. Berre granskogen i bagrunnen avslører at dette er i Noreg. Foto: Anders Bettum, Oslo museum, Interkulturelt museum.
Dei vietnamesiske buddhistane utgjer to tredjedelar av buddhistane i Noreg. Det einaste buddhisttempelet som er bygd frå grunnen av her i landet er Khuong Viet, dei andre buddhistsamfunna held til i private hus eller andre leigde lokaler.
Historisk vietnamesisk buddhisme og vietnamesiske buddhistar i Noreg
Hinayanabuddhisme nådde det sørlege Vietnam sjøvegen frå Sri Lanka så tidleg som i det første hundreåret e. Kr. Seinare kom ulike former for mahayanabuddhisme til Nord-Vietnam frå India via Kina, blanda med kinesisk taoisme og konfutsianisme. Før møtet med buddhismen var den opphavlege religionen til vietnamesarane sterkt prega av forfedrekult. Moderne vietnamesisk buddhisme er ein heilskapleg religion og ei syntese av desse historiske påverknadene. Dei tre religionane blir rekna som ein. Ofte refererer vietnamesarane sjølv til religionen sin som Tam Giao, ”den tredoble religionen”.
Svastika eller hakekorset er eit svært gamalt symbol som brukast i både hinduismen og buddhismen. Det representerer sola, dei fire verdsretningane og livet sin gang.
Europeisk påverknad i Vietnam starta allereie på 1500-talet med dei første oppdagingsreisande, handelsmennene og misjonærane frå Portugal. Seinare kom spanjolar og franskmenn. Vietnam var ein del av den fransk-indokinesiske unionen fram til andre verdskrigen. Katolisismen fekk fotfeste i Vietnam og utgjer i dag ein minoritetsreligion på omlag 10 %. Andre verdskrig gav vietnamesarane ein sjanse til å rive seg lause seg frå Frankrike. I 1954 blei franskmennene slått for godt i slaget om Dien Bien Phu. Nokre år seinare starta USA krig mot Vietnam (1963-1973). Vietnamesarane vann som kjent denne krigen òg, og kommunistpartiet kom til makta.
Først med grunnlova frå 1980 blei det slått fast at det skulle vere religionsfridom i Vietnam. Fram til då gjorde kommunistiske anti-religiøse stemningar seg gjeldande, og både katolikkar og buddhistar opplevde grov forfølging. Dette er noko av bakgrunnen for det store talet båtflyktningar som rømde Vietnam på 1960 og 70-talet. Norske skip var gjennom internasjonale avtaler plikta til å ta med båtflyktningar dei kom over til sjøs, og mange vietnamesarar enda dermed opp i Noreg.