Jødedom
Jødane blei lenge nekta tilgang til Noreg, og det med heimel i grunnlova. Takka vere ihuga innsats til Henrik Wergeland blei ”jødeparagrafen” oppheva i 1851, og rundt 1880 starta ei forsiktig innvandring av jødiske familiar frå Aust-Europa.
Davidsstjerna som symbol er gamalt, men blei ikkje offisielt brukt før danninga av sionistrørsla i 1897. Davidsstjerna er difor nært knytta til staten Israel og er også hovudmotivet i det israelske flagget. Foto: Rune Aakvik, Oslo museum, Bymuseet.
Jødedomen har spelt ei viktig rolle i religionshistoria, ikkje minst gjennom påverknaden på kristendom og islam. Han er den eldste av dei tre religionane, som alle tek utgangspunkt i trua på den eine Gud som har openberra seg i historia gjennom ei rekkje profetar. Alle tre er òg einige om at Abraham var den første av profetane, og derfor har dei populært blitt kalla ”Abrahams barn”. Sjølv om jødedomen er den eldste, han på ingen måte den største. Ein reknar med at det finns omkring 15 millionar jødar i verda i dag.
I motsetnad til kristendomen og islam er jødedomen ein ikkje-misjonerande religion. Ifølgje jødisk tradisjon er berre dei med jødisk mor sjølv jødar. Det er mogleg å gå over til jødedomen, men det er ein lang og krevjande prosess som ikkje inviterer til noko større rekruttering. Derfor seier ein gjerne at jødedomen òg er ein etnisk religion, det vil seie ein religion og eit folk på same tid. Ei slik nemning har likevel sine svake sider, sidan det både finns etniske jødar som ikkje er religiøse og religiøse jødar med ein annan etnisk bakgrunn. I det følgjande skal vi bruke ordet ”jøde” om truande jødar, uansett etnisk opphav.