Jødedomen i moderne tid
Jødedomen dei siste hundre åra, har vore prega av særleg to ting: 1) Framveksten av sionismen og opprettinga av staten Israel, og 2) Holocaust og dei fæle forfølgingane jødane blei utsette for før og under den andre verdskrigen. Desse to temaa heng nøye saman. Framveksten av sionismen på slutten av 1800-talet var eit forsøk på å realisere den gamle draumen om ein gong å få vende tilbake til Israel eller ”Zion” ved hjelp av moderne politiske verkemiddel og eit resultat av ei tiltakande antisemittisme i Europa. Mange jødar blei tvungne til å flykte.
Gjennom andre verdskrigen og Holocaust blei ca 6 millionar jødar drepne i forsøka nazistane hadde på å utrydde dei frå Europa. I tillegg stod fleire hundretusen heimlause tilbake, ofte uønska i heimlanda sine. I 1947 bestemte det nyoppretta FN seg for å løyse problemet ved å opprette ein jødisk stat i det britiske mandatet Palestina. Avgjerda var derimot lite populær blant arabarane som budde i dei palestinske områda og dei omliggande nabostatane. Den første statsministeren i Israel, David Be Gurion, proklamerte staten Israel den 14. mai 1948. Dagen etter gjekk dei arabiske nabostatane til åtak, og krisa i Midtausten var i gong.
Elles har Holocaust vore heilt avgjerande for den jødiske identiteten og sjølvforståinga, særleg i Europa. Her har den felles lidingshistoria knytt jødane endå sterkare saman, og vore uvurderleg for å oppretthalde ei jødisk identitetskjensle.