Ritual
Sabbaten er kvile- og heilagdagen til jødane og sjølve ryggrada i den daglege kulten. Kviledagen varer frå solnedgang fredag kveld til solnedgang laurdag kveld. Den blir feira til minne om skapinga og pakta mellom Gud og Israelsfolket, og blir markert ved eit måltid i heimen fredag kveld, gudstenester fredag kveld og laurdag føremiddag, samt respekt for særskilte reglar. Sabbatsreglane går ut på at ein ikkje skal arbeide, reise eller skape noko på sabbaten. Dei gamle tekstane seier til dømes at ein ikkje skal tenne eld på sabbaten. Den rabbinske tradisjonen har utvida dette bodet til å gjelde all bruk av motorar, elektriske og batteridrivne apparat. Sabbatsreglane skal overhaldast på høgtidsdagane, òg av besøkande.
I større ortodokse forsamlingar er det vanlegvis gudsteneste tre gongar om dagen. Hovudgudstenesta på sabbaten laurdag morgon er den viktigaste, og den som flest folk møter opp til. Gudsteneste i synagoga krev som sagt ein minjan av minst ti menn. I reformerte synagoger kan en minjan òg innehalde kvinner. Rabbinaren er vanlegvis til stades under gudstenesta i synagoga, og held gjerne preiker. Elles har han inga særskilt rolle i ritualet, og deltek i prinsippet på lik linje med alle andre. Den som leier gudstenesta blir kalla kantor. Kantoren er utdanna innan religion og liturgisk song, og det er han som resiterer frå toraen under gudstenesta. Resitasjon er ei form for høgtlesing, der teksta blir framført melodiøst som i song. Gudstenesta er organisert slik at ein les gjennom heile toraen i løpet av året.