Festkalenderen
Mosebøkene nemner særleg tre årlege høgtider som blei feira i templet i Jerusalem. Dette var pesah, shavout og sukkot. Under desse høgtidene reiste folk frå heile landet inn til Jerusalem for å ta del i feiringane. Derfor blir dei kalla pilegrimsfestane.
Nedanfor følgjer ei oversikt over nokre av de viktigaste høgtidsfeiringane i jødedomen.
Rosh ha-shana
Det jødiske nyttåret, som vanlegvis er i september.
Yom kippur
Dei ti første dagane etter nyttår er ei tid for bot og betring, og endar med forsoningsdagen yom kippur. På denne dagen har Gud avgjort kva skjebne som ventar ein i det nye året. Dagen blir markert med 25 timar faste.
Sukkot
Sukkot eller lauvhyttefesten feirar ein i byrjinga av oktober til minne om vandringa i Sinaiørkenen. I kvar heim byggjer ein små lauvhytter (sukka) for å minnast dei som måtte bu i hytter i ørkenen. Jødiske menn er må ete alle store måltid i lauvhytta, og søv i ho om natta. Simhat Torah avsluttar sukkotfeiringa, og er den dagen då ein har lest igjennom heile toraen i synagoga, og kan ta til på nytt att. Alle toraene blir tekne ut av arka og bore i prosesjon rundt om i synagoga medan ein syng og dansar.
Hanukka (vigsling)
Blir feira i november/ desember, og skal minne om gjenvigslinga av templet i 164 f. Kr. etter ei øydelegging. Feiringa varer i 8 dagar, og ein lysestake med 8 armar (hanukiah) skal stå i vindauget under høgtida. I synagoga blir hanukiah brukt som dekor òg elles i året.
Purim
Blir feira i februar/ mars, til minne om korleis den jødiske dronninga Ester redda folket sitt frå utryddinga. Purim blir feira med ei munter gudsteneste i synagoga, der kantoren les høgt frå boka etter Ester. Barna kler seg ut, og er utstyrt med skrangler som dei bruker saman med utrop for å markere misnøya si kvar gong namnet til den vonde Haman blir nemnt. Purim er ikkje ein heilagdag, og det er ikkje noko krav om at sabbatsreglane skal haldast denne dagen, heller ikkje under gudstenesta.
Pesah
Blir feira i mars/ april, samtidig med den kristne påska. Pesahfeiringa skal minne om korleis Gud gjennom Moses sette israelittane fri frå slaveriet i Egypt. Pesah er kanskje den største av dei jødiske heilagdagane, og blir feira av jødar frå alle verdshjørne og alle retningar. Òg sekulære jødar feirar pesah, på same måte som med julefeiringa i kristendomen.
Shavuot
Shavuot, eller vekefesten, blir feira 50 dagar etter påske. Shavout skal minne om at Gud openberra seg for Moses på Sinaifjellet, og oppretta pakta med han. Shavout er òg ein slags hausttakkefest, som markerer slutten på bygghaustinga og starten på kveitehaustinga i Israel. Dette feirar ein ved å pynte med blomar, frukter og grøne kvistar, både heime og i synagoga.