Jødane i Noreg og Det mosaiske trussamfunn (DMT)
Noregs grunnlov av 1814 inneheldt ein paragraf som nekta jødar tilgang til riket. Henrik Wergeland jobba sterkt for å få fjerna denne paragrafen, og i 1851, seks år etter at han døde, blei forslaget vedteke i Stortinget. Den syttande mai kvart år markerer norske jødar innsatsen til Wergeland ved å leggje ned av blomar på grava hans ved Vår frelsars gravlund i Oslo.
Mellom 1880 og 1920 flytta om lag 1200 jødar til Noreg, særleg frå det russiske tsarriket der dei var etterfølgde. Det Mosaiske Trossamfund i Christiania (DMT) blei oppretta i 1892.
Andre verdskrigen ramma dei norske jødane hardt. ”Om lag halvparten av jødane som budde i Noreg, i alt 750 barn, kvinner og menn, friske og sjuke, blei transportert frå Noreg til Tyskland – berre 25 overlevde”. Dei som opplevde krigen slit framleis med minna. I etterkrigstida kom ei ny bølgje av jødiske flyktningar til landet. Dei jamna ut tapstala frå krigen. Det finns framleis ikkje meir enn cirka 1300 jødar i Noreg.
Religionsdialog mellom jødar og kristne kom så smått i stand i etterkrigstida. I 1996 blei Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn (STL) oppretta, og DMT var med heilt frå starten. Trass i initiativet frå jødane om ei opnare haldning overfor storsamfunnet, er antisemittisme framleis eit tema i Noreg. Både synagoga og den jødiske gravlunden har vore utsette for antisemittisk hærverk fleire gongar. Seinast i 2006 blei synagoga på St. Hanshaugen utsett for steinkasting og skot avfyrt mot bygget. Episodane, som var knytt til krigen mellom Israel og Libanon, førte til at den norske regjeringa gav eit større beløp til å betre sikringa rundt synagoga.
Opplæring av barna innan jødisk religion og tradisjon har alltid vore ei prioritert oppgåve for jødane i Oslo. I periodar med knappe ressursar har ein faktisk valt å ha ein kantor framfor ein rabbinar tilsett i synagoga. Rolla til kantoren har vore sett på som viktigare enn rabbinaren fordi kantoren tradisjonelt har hatt ansvaret for religionsundervisninga. I dag er utdanningstilbodet formidabelt, med eigen barnehage, cheider-undervisning frå 1. – 10. klasse og eit omfattande aktivitetstilbod til ungdom og unge vaksne.