Tekstane i Bibelen
Den kristne bibelen har eksistert i si noverande form sidan omkring år 600. Tekstane i han er likevel mykje eldre. Bibelen er todelt, samansett av Det gamle og Det nye testamentet. Det gamle testamentet (GT) er den eldste delen, og utgjer den heilage teksten dei første kristne tok med seg frå jødedomen. GT tilsvarar det jødane kallar Tanakh, og for dei første kristne var det Tanakh som var Bibelen. Forfattarane av Det nye testamentet har ikkje sine eigne tekstar, men den jødiske lova, i tankane når dei refererer til den heilage skrifta.
Innhaldet i Tanakh har endra seg noko sidan Jesu tid. Under eit møte omkring 90 e.Kr., blei jødane einige om ein fastlagt kanon for Tanakh. Denne kanon utelukka enkelte tekstar som var i bruk i dei første åra til kristendomen, tekstar som framleis finns i det katolske og ortodokse GT. Desse såkalla apokryfe tekstane er likevel fjerna frå dei protestantiske biblane, sidan protestantane etter reformasjonen (sjå nedanfor) vedtok å bruke eit GT som hadde identisk innhald med Tanakh. Elles er inndelinga av tekstar noko ulikt i Tanakh og GT.
Det nye testamentet (NT) var ferdig redigert omkring år 600, men dei fleste tekstane blei forfatta i det første hundreåret e.Kr. Den kanon ein til slutt blei einige om er framleis felles for alle kristne. Som GT er NT skrive av ei rekkje ulike forfattarar, men er ei mykje kortare tekstsamling. Dei mest sentrale tekstane i NT er dei fire evangelia, skrive av Matteus, Markus, Lukas og Johannes. Dei lærde er ueinige om nøyaktig når evangelia blei skrivne, men dei fleste er einige om at ingen av evangelistane var samtidige med Jesus, og at Markusevangeliet er det eldste. Ei utbredt oppfatning er at Markus skreiv sitt evangelium omkring år 70, Matteus og Lukas noko før år 100, og Johannes noko seinare enn dei igjen.
Bibel med gotisk skrift frå 1588. Johanneskirken i Bergen. Foto: Kyber
Dei tre første evangelia, dei såkalla synoptiske evangelia, har stort sett same oppbygning og innhald. Dei tek for seg Johannes døyparen som varsla at frelsaren var på veg, Jesu virke i Galilea og reisa til Jerusalem, samt dei siste dagane hans, lidinga på krossen, døden og oppståinga frå dei døde. Òg Johannesevangeliet tek for seg livet og gjerningane til Jesus, men handlinga er annleis bygd opp og teksten inneheld forteljingar som ikkje finns i dei andre evangelia. Eksempel på dette er bryllaupet i Kana og oppvekkinga av Lasarus.
Av tekstane i NT er det berre breva etter Paulus som er eldre enn Markusevangeliet. Som vi såg ovanfor blei desse breva skrive av Paulus medan han var på reise til dei kristne kyrkjelydane rundt Middelhavet. Paulus leid til slutt martyrdøden, og blei avretta i Roma seinast år 64. Ein reknar med at brevet til Thessalonikarane var dei første han skreiv, og at dei ble forfatta omkring år 51.
I tillegg til Bibelen er salmebøker eit fast innslag i kyrkja. Salmane er religiøse hymner skrive av diverse poetar opp gjennom tidene. Salmane syng ein i kyrkja, gjerne akkompagnert av orgel eller andre instrument.