Tekstane
Den rabbinske jødedomen er ein skriftreligion, der hovudfokuset ligg på Toraen og det enorme omfanget av tekstar som kom til i kjølvatnet av at tempelet blei rive. Ei kodifisering og nedteikna fortolking av lova var heilt avgjerande for at jødedomen skulle kunne overleve utanfor Israel, og det var dette arbeidet som opptok dei jødiske lærde dei første hundreåra etter at tempelet fall. Dei mange ulike tekstane og forholdet mellom dei kan vere litt forvirrande for utanforståande. Det kan derfor vere på sin plass med ei oversikt over dei viktigaste:
Tanakh har vi allereie snakka om. Tanakh er bibelen til jødane, og inneheld dei fem mosebøkene, profetane og skriftene. Dei fem mosebøkene blir òg kalla Toraen. Det er desse tekstane som finns i Torarullane i synagoga, og dei same tekstane jødane trur blei diktert til Moses av Gud på Sinaifjellet.
Ifølgje ortodoks tradisjon mottok Moses tre ting på Sinaifjellet, steintavlene med dei ti boda, Toraen som Gud dikterte medan Moses skreiv, og i tillegg ein munnleg Tora, som utdjupar og forklarer den skriftlege.
I synagoga i Oslo finns det fleire Torahruller som trussamfunnet har fått som gåver. Foto Rune Aakvik, Oslo museum, Bymuseet.
Den munnlege delen blei nedteikna av rabbinarane cirka 200 år e. Kr. Denne teksten blir kalla Mishna. Ein viktig del av Mishna er Halakah, den jødiske lova. Gemara er ei stor samling av rabbinske kommentarar til Mishna. Gemara og Mishna, med unntak av det lovstoffet som omhandlar jordbruket og tempelkulten i Israel, er til saman Talmud. Dette enorme verket, som består av over 2 millionar ord, var ferdig samla og redigert på slutten av 500-talet.
Granatepler i sølv brukast m.a. som endedekor på stokkane Torahrullane er rulla opp på. Etter jødisk tradisjon har granateplet 613 frø, det same antalet påbud og forbod som finns i Torahen og halakah. Granateplet er difor eit symbol på jødane sine plikter ovanfor Gud. Foto: Rune Aakvik, Oslo museum, Bymuseet.